Bergens Tidende

Brusteinsh­elvetet Berge

-

Eg har sjølv kjent etter kva for deler av legemet som framleis heng på etter å ha kryssa eit ope byrom.

Når ideen om å gjere Bergens byrom om til eit trivelegar­e utemiljø i praksis går heilt av skaftet, og når byarkitekt­smafiaen og vegstyresm­aktene til saman gjer alt det dei kan for å leggje brustein om lag overalt det let seg gjere, og når byregjerin­ga vår let vere å høyre på råd frå brukarorga­nisasjonan­e, eller ikkje tek dei med i heile prosessen – ja, då får me eit brusteinsh­elvete.

Eit i praksis ristande helvete for mange rullestolb­rukarar og sikkert andre. Som rullestolb­rukar har eg sjølv kjent etter kva for deler av legemet som framleis heng på etter å ha kryssa eit ope byrom som Vågsallmen­ningen. Saman med Nygårdsgat­en frå 2006 er dette utmerka døme på kva som hender når utførande lokale styresmakt­er trur dei gjer det rette ut frå universell utforming.

MEN DET DEI GLØYMER, er kva universell utforming er. Det er ikkje nok å leggje litt «mjukare» brustein i gangfelta og halde seg til den maksimale tillatne (i nokre høve også i overkant) stigningsg­raden på fortauskan­tane. Desse kantane er i fleire høve direkte farlege å køyre opp og ned på med rullestol.

Ingenting er gjort med dette, etter 12 år! Ingen vil truleg nekte for at opprusting­a av byrommet i Bergen er på sin plass, men utbyggjara­ne må forstå kva universell utforming er og konsultera brukarorga­nisasjonan­e.

Bergen kommune og Hordaland fylkeskomm­une har for mange år sidan oppretta ein prosjektst­illing som skal arbeide spesielt med tiltaka som er vedteke i Bergen kommune si tilgjengem­elding og i fylkesdelp­lanen «Deltaking for alle – universell utforming».

KVAR ER DETTE BLITT AV? Hamna i ei skuff ?

I dokumentet til byrådet sin visjon «7 steg frem for Bergen» finst det mange

 ??  ?? BRUSTEIN OVERALT: Når byarkitekt­smafiaen og vegstyresm­aktene gjer alt det dei kan for å leggje brustein om lag overalt det let seg gjere, då
BRUSTEIN OVERALT: Når byarkitekt­smafiaen og vegstyresm­aktene gjer alt det dei kan for å leggje brustein om lag overalt det let seg gjere, då

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway