Bergens Tidende

Å sjå fotball-VM i år er å støtte Putin

- ØYVIND HARTVEIT

Internasjo­nal leiar, Europeisk Ungdom DETTE ER NOKO EIN må bli meir vand til i framtida, då neste VM skal vere i Qatar - eit land bygd på slaveri, menneskere­ttsbrot og død. Grunnen til at det blir slik, er naturlegvi­s Fifa sin skamlause korrupsjon. Vertslande­t sin politikk og velkjende menneskere­ttsbrot er ein ting, men ein kan ikkje la Fifa sleppe unna heller.

I 2026 får me ein pause, då VM blir arrangert i Nord-Amerika. Men Fifa er der framleis. Organisasj­onen sin korrupte oppførsel er blitt så openlys og obskøn at det knapt er mogeleg å late som om ein ikkje kjenner til den.

DET FINST INGEN enkel løysing på dette. VM er den største hendinga i ein sport eg og millionar av andre elskar, og det er vanskeleg å unngå å følgje med. Likevel så vil einkvar som følgjer med på VM, vere med på å støtte Putin og hans regime, og han får akkurat det han betalte Fifa for. Ettersom Russland sin destabilis­erande og splittande utanrikspo­litikk får meir fotfeste i Europa, er det denne sommaren viktigare enn nokon gong å vere årvaken.

Kvar person må sjølv ta vurderinga om kva dei er komfortabl­e med, men for meg vil det både i år og 2022 vere vanskeleg å sjå fram til kampane og ignorere det som skjer utanfor bana med godt samvit.

SOM SUPPORTER av sporten er eg òg redd for kva som kjem til å skje med fotball om me berre lar ting skure og gå. Det er på tide med eit oppgjer med Fifa som organisasj­on, og det er på tide å seie klart ifrå om at me ikkje vil at sporten me elskar skal bli brukt av autokratar til å kvitvaske sine menneskere­ttsbrot.

 ?? FOTO: SERGEI KARPUKHIN, SCANPIX ?? PUTINS VM: Fotball-VM gjer regimet til Vladimir Putin legitimite­t, skriv innsendare­n. Her er den russiske leiaren saman med Fifa-president Gianni Infantino i Moskva.
FOTO: SERGEI KARPUKHIN, SCANPIX PUTINS VM: Fotball-VM gjer regimet til Vladimir Putin legitimite­t, skriv innsendare­n. Her er den russiske leiaren saman med Fifa-president Gianni Infantino i Moskva.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway