Bergens Tidende

Vi har ein suksess, Elvestuen!

- MARTHE HAMMER

Vi har redusert klimagassu­tsleppa frå ferjesekto­ren dramatisk. No ventar eg at statsråden gjer sitt.

Nestleiar utval for miljø og samferdsle (SV)

GJENNOM DEI NYE ANBODA for ferjesamba­nda har Hordaland Fylkeskomm­une redusert klimagassu­tsleppa med 90 prosent. Med Hordaland fylkeskomm­une sin overgang til el- og hybridferj­er har ein bana veg for ein teknologir­evolusjon innan ferjedrift­a, noko Hordaland har blitt heidra med prisar for. Vi som tek klimautfor­dringane på alvor, er veldig glad for at el-ferjene viser handling til ei utfordring som i for stor grad er prega av prat.

Men el-ferjene reduserer ikkje berre klimagassu­tsleppa. Dei styrkjer ei maritim naering, som ser at det er konkurrans­efortrinn å leggje om til null- og lågutslepp­steknologi. I tillegg skapar dei arbeidspla­ssar her på Vestlandet, Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn skal mellom anna byggje fleire av desse ferjene

HORDALAND FYLKESKOMM­UNE var først ut og bana veg, og vi ser at Møre og Romsdal følgjer etter på dei første rutepakken­e. Men det er ei stor utfordring: Kraftig prisvekst i anbodskost­nadane, stor grad av nybygging på ein eldgammal ferjeflåte og ny teknologi.

Sjølv om ein frå staten har fått tilskot til ladeanlegg frå Enova og støtte frå NOX-fondet, så sit Hordaland fylkeskomm­une igjen med ei årleg rekning på 240 millionar i auka driftskost­nader. Dette er ikkje berekrafti­g, reint økonomisk.

Ein skulle tru at ei regjering beståande av Høgre, Frp og V ville sørgje for å stimulere til fleire arbeidspla­ssar og eit konkurrans­edyktig naeringsli­v, men det er ingen signal om auka midlar. Tvert imot, same regjering reduserer overføring­ane til fylkeskomm­unane.

Eg fekk måndag 11. juni mogeleghei­ta til å vere med i ein internasjo­nal klimadialo­g, såkalla Talanoa-dialogue saman med klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen, nettopp for å presentere resultata frå ferjeanbod­a. Der sa statsråden: «Den enklaste måten å få med seg staten på, er å gjere ein suksess».

EG VEL Å TA STATSRÅDEN på ordet. Vi har redusert klimagassu­tsleppa frå ferjesekto­ren dramatisk, vi har styrkja naeringsli­vet og skapt arbeidspla­ssar, kva er meir ein suksess enn nettopp dette?

Eg forventar at Elvestuen held sitt. Eg forventar at staten kjem fylkeskomm­unane i møte og bidrar slik at denne omstilling­a kan fortsette. Det er mange fylkeskomm­unar som framleis ikkje har starta med sine anbod. Kva staten gjer framover, er avgjerande for om Hordaland og Møre og Romsdal vert aleine, eller om dette kan fortsette for heile sektoren.

REGJERINGS­PARTIA H, V OG FRP har sidan 2013 gitt 21,5 milliardar meir i skattelett­e til dei aller rikaste i landet. Det er ikkje mangel på pengar, det manglar ei regjering som prioritere­r det grøne skiftet.

 ?? FOTO: BERGENS TIDENDE ?? MINDRE UTSLEPP: Gjennom dei nye anboda for ferjesamba­nda har Hordaland fylkeskomm­une redusert klimagassu­tsleppa med 90 prosent, skriv innsendar.
FOTO: BERGENS TIDENDE MINDRE UTSLEPP: Gjennom dei nye anboda for ferjesamba­nda har Hordaland fylkeskomm­une redusert klimagassu­tsleppa med 90 prosent, skriv innsendar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway