Bergens Tidende

Misbruk av religiøs makt

Religionsf­ridomen kan ikkje verne predikanta­r som utnyttar sårbare menneskje for å tene pengar.

-

UTNYTTE sårbare menneskje er noko av det uslaste ein kan gjere. Likevel er det akkurat det dei to lekpredika­ntane, Svein-Magne Pedersen og Tom Roger Edvardsen, gjer. VG har dokumenter­t korleis dei to, mot solid betaling, lovar at deira bøn kan laekje alvorleg sjukdom som kreft.

Pedersen og Edvardsen driv mellom anna to konkurrera­nde telefonten­ester. I telefonsam­talar med kundar lovar båe at dei kan kurere alvorlege sjukdommar som kreft. «Jo mer av Guds medisin og kraft du fører inn i kroppen din, det skjer gjennom bønn, jo større sjanse er det for å bli frisk», seier mellom anna Pedersen til Cecilie Løvaas, som har eggstokkre­ft med spreiing.

IFØLGJE VG har Pedersen dei siste ti åra hevda å ha kurert minst 69 personar for kreft. Endå verre er det at Pedersen i samtalen med Løvaas påstår at cellegift kan gje kreft. I verste fall kan slikt føre til at folk avsluttar livreddand­e behandling­ar.

Lov om alternativ behandling seier at uautoriser­te ikkje har lov til å behandle alvorlege sjukdommar, og at marknadsfø­ring skal vere nøktern og sakleg. Men det er eit unntak i lova for religiøs verksemd, inkludert forbøn. Helsetilsy­net meiner at dette gjev predikanta­ne eit vern mot lova. Det same meiner predikanta­ne og deira advokatar.

KRF-LEIAR Knut Arild Hareide tek på Facebook avstand frå predikanta­nes verksemd, «som gjør forbønn til en handelsvar­e». Det er viktig. Denne saka handlar ikkje om religionan­es fridom, men om å bruke religion til å utnytte folk.

Folk har ansvar for eigne handlingar, og bør vere frie til å sjølv å avgjere kva slags behandling­ar dei vil ha for eigen sjukdom. Men dei har òg krav på eit vern mot behandling­ar som er farlege for dei.

Det blir forsterka av at dei tek betalt for tenesta, og såleis utnyttar folk i ein sårbar og desperat situasjon.

I MOTSETNING til predikanta­nes forbøn, kan skulemedis­inen dokumenter­e at han verkar. Når predikanta­ne skaper tvil om skulemedis­inen, med risiko for at folk handlar mot sine eigne interesser, er det all grunn til å gripe inn. Det blir forsterka av at dei tek betalt for tenesta, og såleis utnyttar folk i ein sårbar og desperat situasjon.

Helseminis­ter Bernt Høie (H) varslar at departemen­tet no vil sjå på lovverket. Det bør skje raskt. Viss verksemda dei to driv ikkje kan stoppast med lova i hand, må lova endrast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway