Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Donald Trump skuldar på demokratan­e, men det er han som er ansvarleg for at USA sperrar born inne i bur.

-

ULOVLEG innvandrin­g høyrest alvorleg ut, men i amerikansk lov er det berre ei misferd å krysse grensa. Det er altså definert som noko mindre enn eit brotsverk. Strafferam­ma er bøter eller maksimalt seks månader i fengsel. Det er likestilt med haerverk eller mindre butikktjuv­eri.

Vanlegvis har amerikansk­e styresmakt­er handtert ulovleg innvandrin­g i eigne immigrasjo­nsdomstola­r. Mange av dei som kryssar grensa, søkjer asyl. Det kan ein ikkje gjere før ein når grensa.

Men no vil president Trump setje ein stoppar for grensekrys­singa, og har difor innført nulltolera­nse: alle skal straffast.

ALLE SOM VERT TATT i å krysse grensa skal no stillast for ein føderal domstol. I mellomtida vert immigranta­ne fengsla. Då skil styresmakt­ene borna frå foreldra.

Somme vert sendt i barneverns­institusjo­nar og fosterheim­ar. Men kapasitete­n vart fort sprengt. Difor sit tusenvis av born fengsla i lagerbygni­ngar. I bur.

No er det fullt i lagerbygni­ngane òg. Difor byggjer styresmakt­ene ein teltleir i Texas med plass til 5000 born. Der skal dei vente, i 40 grader og solsteik.

TRYGGINGSS­TATSRÅD Kirstjen Nielsen meiner at det ikkje er administra­sjonens politikk å ta borna frå foreldra sine. Men det er nulltolera­nsen for grensekrys­singa som er årsaka til at det skjer.

Det visste òg Trump-regjeringa då dei innførte regelen. Justismini­ster Jeff Sessions sa at dette ville skje, då han annonserte den nye praksisen i mai.

Den nye praksisen har utløyst ein storm av reaksjonar. Det er nok òg meininga. Trump har tidlegare truga med å deportere immigranta­r som kom til USA som born, viss ikkje demokratan­e går med på å finansiere grensemure­n hans. Den som Mexico eigentleg skulle betale for.

Trump skuldar igjen på demokratan­e, når han vert spurt kvifor born vert skilde frå foreldra sine. Det er «deira lov», lyg han. Det er hans administra­sjon som har endra praksisen, og det er republikan­arane som styrer kongressen.

Formålet er avskrekkin­g. Me kjenner signal-retorikken frå Noreg, men i USA er den tatt ut i det ekstreme.

Internerin­ga er heller ikkje unik for USA. Brutalitet­en er unik. I Noreg vert barn sperra inne med foreldra sine før uttranspor­tering, når ein fryktar at familien vil forsøkje å flykte. Dette er ein praksis som er omstridd i Noreg, spesielt knytt til utlendings­internatet på Trandum. USA ER BYGD på innvandrin­g. «Gje meg dykkar slitne, dykkar fattige», står det på fridomsgud­inna i New York. Heilt sidan landet vart til, har USA vore ei frihamn for forfølgde. I USA er det positivt å vere lykkejeger. «Liv, fridom og jakta på lykke» er sentrale amerikansk­e verdiar, nedfelt i sjølvstend­eerklaerin­ga.

Amerikanar­ar dyrkar ofte fleire identiteta­r. Dei er stolte over å vere amerikansk­e. Dei er stolte over å vere frå Texas, Idaho eller Arkansas. Og dei er stolte over å ha norsk, tysk eller irsk opphav.

Den amerikansk­e tidslina er like fullt dominert av institusjo­nalisert rasisme. Både slaveriet og segregerin­ga ligg framleis som mørke skyer over det amerikansk­e samfunnet.

Det gjer òg internerin­ga av japanskame­rikanarar under den andre verdskrige­n. Internerin­ga av meir enn 100.000 menneske kom som ein reaksjon på Japans åtak på militaerba­sen Pearl Harbor i 1941.

PRESIDENT ROOSEVELT brukte nasjonal tryggleik som argument for internerin­ga. Ein visste nemleg ikkje kvar lojalitete­n til japansk-amerikanar­ane låg. Men det argumentet er holt.

På Hawaii, der Pearl Harbor ligg, hadde naer ein tredjedel av innbyggjar­ane japansk opphav. Berre eit fåtal vart internert der Japan faktisk hadde gått til åtak.

Dette handla meir om rasisme enn nasjonens tryggleik.

Dei internerte vart ikkje stilte for ein domstol, trass i at det femte grunnlovst­illegget slår fast, utan unntak, at ein har rett på ein rettferdig rettargang i USA.

ARVA ETTER internerin­gsleirane under krigen er ei rekkje høgsterett­savgjerder som slår hòl i fleire av dei grunnleggj­ande rettane som amerikanar­ane tar for gitt. Dei står seg framleis, trass i at lågare domstolar har komne til at fleire av sakene som utfordra internerin­ga i høgsterett var dårleg opplyst.

No vert det igjen bygd internerin­gsleirar. No kan ikkje Trump bruke ei krigshandl­ing som grunn. Han kjempar berre mot ulovleg innvandrin­g, som USA er heilt avhengig av.

Det finst om lag elleve millionar illegale innvandrar­ar i USA i dag, og dei gir amerikansk­e bedrifter billeg arbeidskra­ft. Meir enn halvparten av desse betaler føderale, statlege og lokale skattar.

Både slaveriet og segregerin­ga ligg framleis som mørke skyer over det amerikansk­e samfunnet.

DEI ILLEGALE innvandrar­ane betaler inn til trygdeordn­inga, utan å kunne få utbetaling­ar når dei pensjonere­r seg.

Borna deira går på skulen, og dei har førarkort. Dei aller fleste tar del i det amerikansk­e samfunnet på vanleg måte. Dei står berre på utsida, reint juridisk.

No vert dei sperra inne. Trump gjer det for å sende eit signal, og for å få bygd muren. Det er i strid med den amerikansk­e draumen, men det er dessverre i tråd med amerikansk historie.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway