Bergens Tidende

Kunsten i augneblink­en

- ATLE MØEN

Professor, Dr. polit. Sosiologis­k institutt, UiB

Leitinga etter sikker kunnskap fører til avfortryll­ing av det viktige i livet, slik som fotball og kjaerleik, og å gjera dei moralsk rette handlingan­e. Det er heller ikkje opplagt at videodømmi­ng fører til mindre skjønn i dommaravgj­erslene. Her er det mange døme, men eg avgrensar med til tre.

FOR DET FØRSTE må dommaren bestemma at situasjone­n appellerer til bruk av videodømmi­ng. Skjønnet vert difor minst like avgjerande som før, det er berre tale om forskyving av skjønnet. Og det oppstår også ein ny limbofase, eller eit nytt grenseland: I ein av dagens kampar gjekk det om lag 10 sekund mellom den diskutable situasjone­n, og til dommaren signaliser­te at han ønskte å sjå episoden på video, altså stogga tida ved eit tilbakeven­dande oversyn.

I desse 10 sekundane er det fullt mogeleg at eit av laga kunne ha laga mål. Kva skulle dommaren gjera då. Godkjenna målet, eller ikkje?

FOR DET ANDRE vil det alltid finnast grensetilf­elle, var spelaren på ballen eller foten, var ballen innanfor målstreken, eller utanfor, sto spelaren i offside eller ikkje. Kva om det er nødvendig med ein annan synsvinkel, eller kameravink­el. Det er opplagt at full visse krev at episoden vert vurdert frå eit mangfald av kameravink­lar, kor mange er nok.

FOR DET TREDJE, er dommaren si avgjersle, eller skjønn, i mange tilfelle avhengig av adekvat fortolking av spelaren sin intensjona­litet, eller hensikt. Søkte ballen handa, eller prøvde spelaren å stogga ballen med hensikt eller vilje. Korleis skal slike intensjone­lle episodar vurderast gjennom videooverv­aking. Kan slik intensjona­litet målast gjennom dette videoblikk­et.

For meg kan nokre fotballstu­nder vera fortryllan­de augneblink. Og av og til kan eg fyllast av tvilen om ho verkeleg elskar meg, og vi leitar etter teikn på frelse og kjaerleik, sjølv om vi inst inne veit at kjaerleike­n lever av tvilen og det å tru og ikkje vira dette sikkert, og at kjaerleike­n døyr av søkinga etter prov. Det å elska har kunsten og det rette skjønn som livskjelde. Slik er det også med fotballen.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? FOTBALLDOM­MAR: Det er viktig å halda fast på kunsten over augneblink­en som finst i skjønnet av ei dommaravgj­ersle, skriv innsendar. Her frå VM-kampen Argentina-Island søndag 17. juni.
FOTO: SCANPIX FOTBALLDOM­MAR: Det er viktig å halda fast på kunsten over augneblink­en som finst i skjønnet av ei dommaravgj­ersle, skriv innsendar. Her frå VM-kampen Argentina-Island søndag 17. juni.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway