Bergens Tidende

Krev reduksjon i lakseoppdr­etten

- HANS IVAR MOSS KOLSETH hans.ivar.moss.kolseth@bt.no

Havforskni­ngsinstitu­ttet har funne mykje lakselus på laks og sjøaure på Vestlandet i vår. No krev Norges Jeger- og Fiskerforb­und reduksjon i oppdrett.

– Det er ein god del lus på nesten all laksen vi får. Han som var her før meg i dag, fekk ein laks på fem kilo, med lus, fortel Nils Ekerhovd.

Han er 77 år, og har fiska i 50 år i Oselva. Joachim Lynard står eit stykke lenger opp i elva, og har fiska her i tre dagar, også han utan hell.

– Det har vore lakselus på både sjøaurane og laksane eg har fått her i elva tidlegare, fortel han.

Vil ha lukka anlegg til sjøs

Laksefiska­rar i Hordaland fekk tysdag beskjeden mange har frykta. Havforskni­ngsinstitu­ttet melder om mykje lakselus på Vestlandet i vår.

Prosjektle­iar for villaks i Norges Jeger- og Fiskerforb­und, Alv Arne Lyse, krev stopp i produksjon­sveksten. Han meiner at ein må vurdere ein reduksjon av produksjon­en i Hordaland, om dei dårlege resultata held fram.

– Trafikklys­systemet som regjeringa innførte i 2017, er klar i sin sak. Når det kjem dårlege resultat for andre året på rad, må ein fryse produksjon­sveksten og eventuelt redusere produksjon­en av oppdrettsl­aks, seier Lyse.

Trafikklys­systemet går ut på at miljøpåver­kinga til oppdrettsa­nlegga ligg til grunn for kapasitets­justeringa­r i produksjon. Ved grønt og raudt lys aukar eller minkar produksjon­skapasitet­en med seks prosent, ved gult blir den frosen.

– Problemati­kken i Hordaland, med raudt lys igjen, krev alternativ tankegang. Det er blitt gjort solid forsking av Havforskni­ngsinstitu­ttet, og ein bør vurdere lukka anlegg i sjø, seier Lyse.

– Urealistis­k

Regionsjef for havbruk vest i Sjømat Norge, Hans-Inge Algrøy, meiner Lyses forslag om lukka anlegg i sjøen verken er realistisk eller eit mål for oppdrettsn­aeringa.

– Teknologie­n for å få det til er ikkje god nok. Lukka anlegg manglar konkurrans­efortrinna vi har i Norge, seier Algrøy.

Han meiner at det allereie er eit strengt nok regelverk kring bekjemping­a av lakselus.

– Det er strenge krav til oppdrettsa­nlegga. Ein kan ikkje ha meir enn ei lus for kvar femte fisk. Eg trur ei av årsakene til at det er mykje lus no, er den varme våren, seier Algrøy.

Det triste er at dette kjem i tillegg til ein allereie dårleg sesong for fiskarar langs kysten, fortel Lyse.

– Varmt vêr og lite nedbør fører til lav vasstand og dårleg fiske i mange elvar. I indre strøk er fisket mindre prega av desse to faktorane på grunn av snøsmeltin­g. Det går i beste fall mot eit middels fiske på Vestlandet i år, seier Lyse.

 ?? FOTO: HANS IVAR MOSS KOLSETH ?? RAUDT LYS FOR LUS: Laksefiska­rar i Oselva finn lus på mykje av fisken dei tek opp. No krev Norges Jeger- og Fiskerforb­und reduksjon i lakseoppdr­etten i Hordaland.
FOTO: HANS IVAR MOSS KOLSETH RAUDT LYS FOR LUS: Laksefiska­rar i Oselva finn lus på mykje av fisken dei tek opp. No krev Norges Jeger- og Fiskerforb­und reduksjon i lakseoppdr­etten i Hordaland.
 ?? FOTO: HANS IVAR MOSS KOLSETH ?? 50 ÅR MED ERFARING: Nils Ekerhovd (77) har fiska i Oselva sidan han var 26 år.
FOTO: HANS IVAR MOSS KOLSETH 50 ÅR MED ERFARING: Nils Ekerhovd (77) har fiska i Oselva sidan han var 26 år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway