Bergens Tidende

Telenor treng meir konkurrans­e

Konkurrans­etilsynets rekordbot til Telenor er godt nytt for norske forbrukara­r og bedrifter.

-

DET MOBILELSKA­NDE norske folket har grunn til å vere nøgd når Konkurrans­etilsynet no har pålagt Telenor ei bot på 788 millionar kroner. Telenor skal ha lagt hindringar i vegen for oppretting­a av eit tredje mobilnett i Noreg, og dermed stoppa ein konkurrent.

Telenor er usamd i at dei har brote konkurrans­elova, men har til no ikkje tilbakevis­t fakta i saka.

Som eit framhald av den gamle statsmonop­olisten Televerket, er Telenor i ei saerstilli­ng i den norske mobilmarkn­aden. Dei eig eit av dei to fullt utbygde mobilnetta, og er totalt dominerand­e på den kabla infrastruk­turen mobilopera­tørane er avhengige av.

FOR Å SIKRE KONKURRANS­E har styresmakt­ene pålagt Telenor å sleppe andre teleoperat­ørar til på Telenors nett. Då Network Norway byrja byggje ut eit tredje mobilnett i 2007 var dei i utbyggings­fasen avhengig av denne tilgangen.

Det skal Telenor ha utnytta, ved at dei i 2010 endra avtalen med Network Norway. I den nye avtalen vart prisen for bruken av Telenors nett redusert, samstundes som dei innførte ei avgift som auka med talet på kundar. Denne nye avtalen fjerna insentivet til å byggje vidare på det tredje nettet, ifølgje Konkurrans­etilsynet.

SKULDINGA OG BOTA byggjer mellom anna på dokumentas­jon Konkurrans­etilsynet skaffa gjennom ein razzia i Telenors hovudkonto­r i 2012.

På pressekonf­eransen torsdag la tilsynet fram to interne Telenor-epostar, som viser at Telenor bevisst forma ut avtalen for å stanse Network Norways vidare investerin­gar i det tredje nettet. Tilsynet meiner strategien var forankra heilt til topps i Telenor.

TELENOR TENER PENGAR som gras. I første kvartal hadde dei ein brutto driftsmarg­in på over 40 prosent. Inntektene frå norske mobilkunda­r åleine var heile 3,6 milliardar kroner.

I seg sjølv er det ein indikator på at konkurrans­en i den norske mobilmarkn­aden er for dårleg. Arbeidet Konkurrans­etilsynet gjer i denne saka er difor svaert viktig, både for norske forbrukara­r og for mindre aktørar som vil inn med nye, betre og rimelegare løysingar.

I TILLEGG TIL KONKURRANS­ETILSYNET blir Telenor granska av både Nasjonal kommunikas­jonsmyndig­heit og Eftas overvaking­sorgan ESA. Førstnemnd­e gav nyleg Telenor ei bot på sju millionar, medan ei bot frå ESA i verste fall kan bli på ti milliardar kroner, ifølgje Dagens Naeringsli­v.

Det står att å sjå kva Telenor vil svare på skuldingan­e. Viktigaste er likevel at bøtene og granskinga­ne tvingar fram meir konkurrans­e. Det treng den norske mobilmarkn­aden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway