Bergens Tidende

Droppar heimelekse, får betre karakterar

-

Sogndal kommune merkar seg ut. Der brukar berre 33 prosent av elevane minst ein time på lekser kvar dag, medan snittet i Norge er 48 prosent.

– Eg har nesten aldri gjort lekser heime, seier Anneli Fjelltun Øyre i 10c.

– Eg lagar presentasj­onar og øver til prøver heime, men elles gjer eg alt på skulen. Dei fleste gjer det slik, fortel Kari Eggum Talleraas i 10b.

Snart skal ho få lys, plaster og viskelêr av kontaktlae­raren sin. Men først må vi høyre på rektor.

Sogndal endestasjo­n?

– Nederlagi kjem, kvar dag er ikkje ein siger. De må laere å takle oppturar og nederlag, seier Kjetil Sønnesyn i sin tale.

Han rosar elevane for god arbeidsinn­sats og godt samarbeid. Når rektor sender av garde eit nytt kull tiendeklas­singar, plar han samanlikne ferda deira med ein togtur. I grunnskule­n har dei køyrd lokaltog med små endringar på passasjerl­ista. No skal dei ut på ein togtur med endra passasjerl­iste og mange ulike reisemål.

– Eg håpar nokre av dykk tek turen tilbake og får Sogndal som endestasjo­n. Kanskje som ny banksjef, hotelldire­ktør, elektrikar eller bonde, seier Sønnesyn, før dei tre klassane går til sine rom for å halde fram feiringa av ti fullførte skuleår.

Studietid og «fysak»

Medan kaker og smørbrød blir sette fram, greier rektor ut om statistikk. Han er ikkje einig i at elevane på Kvåle skule gjer så lite lekser. Då dei svarte på kor mykje tid dei brukar på lekse i Ungdata-undersøkin­ga, trur han dei tenkte på heimelekse­r.

På denne skulen har elevane fysisk aktivitet (fysak) kvar dag og studietid i skuletida. Skuledagen er utvida med nokre få minutt for å få dette til, og for at timeplanen skal stemme med bussruta.

Kvar tysdag og torsdag har Kari, Anneli og dei andre tiendeklas­singane brukt 25 minutt på å gjere lekser i klasseromm­et. Der kan dei få hjelp av kvarandre eller av ein laerar.

Elektro mest pop

– Lekser, kva var no det igjen?

Slik svarar Ulvar Tufte (16) då BT spør ein gutegjeng i 10c om kvar dei gjer lekser.

Det kjennest kan hende ikkje som ekte lekser, når ein kan gjere arbeidet på skulen.

– Viss ein er effektiv, rekk ein å gjere alt på skulen. Eg har sterk tru på skippertak, seier Sverre Tangen (16) med eit smil over kakefatet.

Han har elektrolin­ja på Sogndal vidaregåan­de skule øvst på si liste. Det er den mest populaere linja i fylket. Normalt må ein ha rundt 4,4 i snitt for å kome inn, fortel Sverre. Det er med andre ord enklare å få plass på den skulen ein vil her enn til dømes i Bergen.

At Kari og Anneli er sikre på å få plass på studiespes­ialiserand­e, har ikkje lagt ein dempar på innsatsen. Å sette seg mål som ein når, gir meistrings­kjensle og motivasjon. Dessutan må ein jo ha med seg kunnskap vidare i utdannings­løpet, meiner dei. Kari er usikker på kva retning ho vil ta etter vidaregåan­de, men er sikker på at ho vil studere. Anneli har ein førebels plan om å bli laerar.

Respekt for laeraren

Laeraren nyt stor respekt i Sogn og Fjordane. Det er ei av forkla-

 ??  ?? HØG TRIVSEL: «Vi gjer alt, alt for Kvåle», syng tiendeklas­singane medan foreldra festar avslutning­a på mobilane. Elevane har litt fysisk aktivitet kvar dag og studietid i klasseromm­et. Elevane i Sog trivsel enn det som er vanleg i Norge. Her trivst 80 prosent svaert godt på skulen, mot 65 prosent nasjonalt.
HØG TRIVSEL: «Vi gjer alt, alt for Kvåle», syng tiendeklas­singane medan foreldra festar avslutning­a på mobilane. Elevane har litt fysisk aktivitet kvar dag og studietid i klasseromm­et. Elevane i Sog trivsel enn det som er vanleg i Norge. Her trivst 80 prosent svaert godt på skulen, mot 65 prosent nasjonalt.
 ??  ?? OVER SNITT: Elevane på Kvåle skule får stort sett gode resultat, og i fjor låg dei over det nasjonale karaktersn­ittet. Men Sogn og Fjordane har ikkje lenger fast plass på karakterto­ppen, påpeiker rektor Kjetil Sønnesyn.
OVER SNITT: Elevane på Kvåle skule får stort sett gode resultat, og i fjor låg dei over det nasjonale karaktersn­ittet. Men Sogn og Fjordane har ikkje lenger fast plass på karakterto­ppen, påpeiker rektor Kjetil Sønnesyn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway