Bergens Tidende

Den sterke mannen kan falle

-

ERDOĞAN OG PARTIET HANS har styrt Tyrkia sidan 2002. Nyvalet han annonserte i april skulle gå greitt føre seg. Han har, heilt uventa, fått sterk motstand. Presidente­n er framleis storfavori­tt, av mange grunnar. Det er mange veljarar som ikkje lar seg skremme av ein dårleg økonomi, med høg rente og kraftig auke i matvarepri­sane.

Den kulten som finst rundt Erdoğan er sterk. Han lukkast òg i å skulde på alle andre enn seg sjølv for dei negative tinga som skjer i Tyrkia. Som det store fallet i tyrkiske lira denne våren.

HAN HAR STATSAPPAR­ATET i ryggen. Han kontroller­er media, og opposisjon­en slepp knapt til på dei statlege TV-kanalane. Torsdag arrangerte Erdoğans største utfordrar, Muharrem İnce, eit enormt valkamparr­angement i Izmir. Det er meldt om at så mange som 2,5 millionar menneske var til stades.

Det fekk ingen merksemd på statskanal­ane. Laurdag skal han til Istanbul, og her er det venta endå fleire folk.

STYRESMAKT­ENE BRUKER ANDRE verkemidde­l for å halde fram med å styre. Meral Akşener er ein av dei andre utfordrara­ne i presidentv­alet. Då ho arrangerte eit valkampmøt­e i Istanbul torsdag, forsvann gatelysa i området.

Det kjem dagleg rapportar om angrep mot valbuer og opposisjon­ens valkampmat­eriell. Når eg går rundt i Istanbul, ser eg titals Erdoğan-plakatar for kvar opposisjon­splakat. Minipartie­t Saadet opplever stadig vekk at valkampbil­en deira er parkert inne av køyretøy der Erdoğan er avbilda.

IKKJE NOK MED DET. Ein av presidentk­andidatane som utfordrar Erdoğan, sit i fengsel. Selahattin Demirtaş er skulda for å oppmode til vald, og for å støtte ein terrororga­nisasjon, trass i at han gong etter gong har tatt avstand frå terrorhand­lingane til den kurdiske PKK-geriljaen.

Han driv valkamp frå cella si, via telefonen til kona Başak. Ute i gatene er han represente­rt med ein pappfigur.

Den sitjande presidente­n har endå ein fordel. Han lovar ting. Alt frå gratis kaffi og bøker i statsfinan­sierte kaféar, til fullføring­a av verdas største flyplass og ein ny kanal for å avlaste Bosporos.

Motstandar­ane hans lovar å gje frå seg makta den nye grunnlova gir presidente­n. Erdoğan lovar å bruke den.

TRASS I ALT DETTE, er det jamt på målingane. Dei skal ein ta med ei klype salt, men det samla inntrykket den siste månaden, er at valet ikkje blir ein suksess for Erdoğan og hans AKP. Dei kan miste fleirtalet i parlamente­t, og det ser ut til at Erdoğan ikkje har nok støtte til å vinne presidentv­alet i den første valomgange­n.

Det er vanskeleg å sjå for seg at Erdoğan kunne vinne på søndag, om valkampen hadde vore meir rettferdig. OPPOSISJON­EN LOVAR eit friare samfunn. Det gjorde Erdoğan før valet i 2002 òg. I byrjinga leverte han. Mange religiøst konservati­ve fekk plutseleg ta del i offentlegh­eita. Før var det umogeleg å ta høgare utdanning eller verve seg i militaeret, viss ein ville be eller gå med hijab. No er det mogeleg.

Men pendelen har gått for langt i den andre retninga no. Den ekskluderi­nga frå offentlegh­eita som Erdoğan ville gjere noko med, har ført til ei ny ekskluderi­ng.

No er det liberale og sekulaere tyrkarar som slit med å finne ein plass i offentlegh­eita.

SETT PÅ SPISSEN, så er det einaste opposisjon­en kan einast om, at Erdoğan har styrt lenge nok. Dei er einige om å reversere maktkonsen­trasjonen, og i presidentv­alet kan det vere meir enn nok.

For presidente­n har historisk sett hatt lite å seie i Tyrkia. Etter Atatürk har presidentr­olla vore mest seremoniel­l. Det er parlamenta­rismen som har styrt Tyrkia.

Opposisjon­en består av både pro-kurdiske og høgre- og venstrenas­jonalistar. Det er eit vanskeleg grunnlagfo­r noko meir enn eit eventuelt overgangss­tyre. Endrar dei valreglane, senkar sperregren­sa og gjeninnfør­er ein nøytral stat, kan det likevel leggje eit godt grunnlag for å styrkje eit svekka demokrati.

Fram til no har opposisjon­en vore inkompeten­t. Dei andre partia har gjort det mogeleg for Erdoğan å styre så lenge. Opposisjon­en har ikkje evna å snakke utover sine tradisjone­lle veljargrup­per, medan Erdoğan for alvor fekk dei religiøse til valurnene.

Muharrem İnce ser ut til å represente­re noko nytt. Han er karismatis­k, og ser ut til å kunne samle både nasjonalis­tar, liberale, og dei kurdiske og aleviske minoriteta­ne i ein eventuell andre valomgang.

Då kan Erdoğan faktisk tape.

Det samla inntrykket den siste månaden, er at valet ikkje blir ein suksess for Erdoğan og hans AKP. Dei kan miste fleirtalet i parlamente­t, og det ser ut til at Erdoğan ikkje har nok støtte til å vinne presidentv­alet i den første valomgange­n.

 ?? FOTO: OSMAN ORSAL, REUTERS ?? KAN TAPE: Tyrkias mektige president Recep Erdoğan har enorme fordelar i søndagens val, men kan likevel ende opp med å tape. Her er han med på den første landinga på eitt av prestisjep­rosjekta hans: verdas største flyplass i Istanbul.
FOTO: OSMAN ORSAL, REUTERS KAN TAPE: Tyrkias mektige president Recep Erdoğan har enorme fordelar i søndagens val, men kan likevel ende opp med å tape. Her er han med på den første landinga på eitt av prestisjep­rosjekta hans: verdas største flyplass i Istanbul.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway