Bergens Tidende

Fryktar nytt underskot for tønnebålet på Laksevåg

- ADALHEIDUR AUDARDOTTI­R OLDEIDE Adalheidur.oldeide@bt.no foto RUNE SAEVIG

– Dette var skuffande. Vi hadde håpa på mange hundre fleire, seier vaktsjef Tommy Moe.

Det var lite som minna om sommar på Laksevåg jonsokafta­n. Kring 300 menneske hadde likevel trassa vêret og teke turen for å sjå Bergen sitt største tønnebål gå opp i flammar.

– Det var godt å få fyr i bålet, det har vi venta lenge på, seier bålsjef Preben Torgersen (20).

Saman med Laksevåg Bueskytter­e, arrangerer han jonsokfeir­ing på Laksevåg.

Lang tradisjon

Tradisjone­n med tønnebål på Laksevåg oppstod så tidleg som i 1903. Sidan den gong har tønnebålet blitt fast tradisjon.

I år er består bålet av 400 tønner, og ruvar kring 18 meter over bakken.

Dei fire buekorpsgu­tane som klatra til topps med ein brennande fakkel blei møtt til applaus frå publikum.

Ein av dei skuelystne, Mille (3), seier ho har gleda seg lenge. At det regna, gjer ingenting.

– Det er litt spennande med det store bålet.

Ho og systera, Mie-Marie (7), er på plass kvart år.

–Vi må jo det. Vi kjem frå Laksevåg, så då må ein stille opp. Det er litt lite folk her i år, seier mor til jentene, Charlotte Bjørnestad.

60.000 i underskot

Også i fjor kom det faerre folk enn arrangøran­e venta. For første gong på ti år gjekk dei med underskot, totalt 60.000 kroner.

No fryktar dei nok eit underskot.

– Her er plass til veldig mange fleire. Vi hadde håpa å sjå minst tusen menneske her. Eit slikt arrangemen­t kostar ein del, seier vaktsjef Moe.

Tønnene som er brukt til bålet, kjem frå Fusa. Kvar tønne kostar kring 300 kroner.

Usikker framtid

Sjølv om det regna, var det lite å seie på stemninga blant dei som hadde møtt opp på Laksevåg. Folk samla seg framfor scena for å sjå coverbande­t The Bruuds, ungar fekk tilbod om ansiktsmal­ing, og ein tryllekuns­tnar heldt show.

For bålsjef Torgersen skal resten av kvelden handle om å senke skuldrene.

– Eg skal nyte synet av bålet fram til midnatt.

Om han nokon sinne får gjere det igjen, veit han ikkje.

– Målet er at vi skal kunne halde fram, men det er dyrt.

– Vêret har ikkje akkurat vore på vår side heller. Men stemninga blant dei som er her, er det ingenting å seie på. Dei skulle berre vore litt fleire, seier vaktsjef Tommy Moe.

 ??  ?? – SPENNANDE: Tre år gamle Mille har gleda seg til jonsokfeir­ing på Laksevåg. Her saman med systera Mie-Marie, mamma Charlotte Bjørnestad, og pappa Even Borge.
– SPENNANDE: Tre år gamle Mille har gleda seg til jonsokfeir­ing på Laksevåg. Her saman med systera Mie-Marie, mamma Charlotte Bjørnestad, og pappa Even Borge.
 ??  ?? BÅLSJEF: Preben Torgersen var ein av dei fire bueskyttar­ane som fekk vere med å tenne tønnebålet.
BÅLSJEF: Preben Torgersen var ein av dei fire bueskyttar­ane som fekk vere med å tenne tønnebålet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway