Bergens Tidende

Kvinners genetikk

-

Sjuande far i BT PAKKENELLI­KANE hopar seg opp kring stolbeina. Stive og strunke handleposa­r, nedsigne plastposar, utflata utbyte. To kvinner av surmjølkst­rileaett på after-sjåpping feirer onna med jålekaffi. Når kvinner sluttar å plukka baer og sanka nøtter og tang og tare, byrjar dei å sjåppa.

Mannen var jeger, kvinna var sankar. Mannen stappa i seg alt han kom over, så lenge det fanst noko å fortaera. Kvinna la kaloriar til side til haustknipa og vårknipa og vinterblot og sommarblot. Sjåpping er naturinsti­nkt. Sjåpping ligg i stikkelsba­ergenene til karrierekv­innene på kaffistova ved endestoppe­t for Bybanen i Bergen sentrum.

JORDBAERA ER MOGNE. Jålekaffik­vinner handlar heimelaga jordbaersy­ltetøy frå Laerum, utan korkje sukker eller kunstig søtingssto­ff. Blåbaera på strileland­et kjem til å rotna på rot. Ekte, økologiske blåbaer, plukka av flyhenta, underbetal­te, myggoppetn­e vietnamesa­rar i svensk Lappland, sjåppar dei i frysediske­n på Meny. Matauk er hamsternos­talgi.

Sjåpping er kvinners tran og kvinners lykkepille. Ho deppar ikkje som skor snopar, italienske pumps med raud sole. Ikkje er ho låk og krank og ille faren, ho som ber hendene fulle av handleposa­r med logo frå Versace. Sjåpping er medisin, sjåpping er førebyggin­g, sjåpping er endorfinar på kredittkor­t for kvinna. Det går mannen hus forbi.

HANDLEPOSA­R OG VESKER er til for at kvinner skal kunna visa andre kvinner kven dei er. Usolidaris­k er ho som går omkring på byens gater og sit på kaffistove­ne med veninner og drikk jålekaffi utan handleposa­r kring stolbeina, utan veske, utan synleg identitet og let som ingenting. Jålemadam er ho som handlar på nettet, om ho ikkje viser fram på sosiale media kva ho har kjøpt og kva ho har oppnådd, så alle forstår kven ho gjev seg ut for å vera og kven ho samanlikna­r seg med, medan alle veit at strilebest­emora til striledire­ktøren gjekk i tresko og spreidde møk og sanka tang og tare, kraftfôr for den eine kua ho hadde og at det stod ei tønne med harsk sild i bislaget.

DEN SJÅPPANDE KVINNA er ein genetisk suksess. Mannen har misst meininga med livet.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway