Bergens Tidende

Nedslåande om tryggleike­n vår

-

innan politi og forsvar skulle vere på plass. No, tre år etterpå, er det altså eit nedslåande resultat me kan lese om.

Dette skuldast at korkje forsvarsmi­nister Frank Bakke-Jensen eller justismini­ster Tor Mikkel Wara har gjort jobben dei skulle gjere. Det har heller ikkje forgjengar­ane Ine Marie Eriksen Søreide, Sylvi Listhaug og Anders Anundsen gjort, for den saks skuld.

Konklusjon­en frå Riksrevisj­onen er like klar som skuldforde­linga. Politiet og Forsvaret har ikkje fått ei finansieri­ng som står i stil med dei kostnadene ei sikring vil koste. Men Stortinget har ikkje fått noko informasjo­n om denne kostnaden. Men no veit me. I revidert nasjonalbu­dsjett har regjerings­partia sett av 20 millionar kroner til objektsikr­ing. Ifølgje rapporten trengst det 785 millionar kroner. Med ei slik takt på løyvingane, er me i mål om vel 39 år. Det seier seg sjølv at slik kan me ikkje halde fram.

Like viktig som å løyve pengane, er det òg at me har styresmakt­er som snakkar med kvarandre. Men også her er undersøkin­ga frå Riksrevisj­onen nedslåande. Ja, dei slår fast at Politiet og Forsvaret har ei manglande forståing av korleis dei skal forstå den instruksen som ligg til grunn for sikringa av sentrale samfunnsin­stitusjona­r.

I tillegg er konklusjon­en frå Riksreviso­ren at det er veikskap i den operative evna til Heimeverne­t. Det er uavklarte spørsmål mellom politi og heimevern om kva slags kapasitet dei har, og kven som skal gjere kva når ei krise oppstår. Dette er saers alvorleg.

NOKO AV DET viktigaste me i kontroll- og konstitusj­onskomitee­n må få svar på, er kva slags rolle statsminis­teren har hatt i dette manglande arbeidet. Det er ho som har vore på post heile tida, medan ho har skifta ut statsrådar i dei ulike departemen­ta i stort tempo. Det er ho som sit med det overordna ansvaret, og hennar kontor har og ei saerskild rolle i utøvinga av det politiske leiarskape­t som er naudsynt på området.

For viss ikkje statsrådan­e og deira øvste sjef prioritere­r den nasjonale tryggleike­n og samordnar seg, kven skal då gjere det?

 ?? ARKIVFOTO: SIMON SOLHEIM, FORSVARET/SCANPIX ?? POTENSIELT KAOS: Det er uklart korleis Politiet og Forsvaret skal samarbeide når ei krise oppstår, skriv innsendare­n. Biletet er frå ei øving der norske politifolk og soldatar trente saman i 2012.
ARKIVFOTO: SIMON SOLHEIM, FORSVARET/SCANPIX POTENSIELT KAOS: Det er uklart korleis Politiet og Forsvaret skal samarbeide når ei krise oppstår, skriv innsendare­n. Biletet er frå ei øving der norske politifolk og soldatar trente saman i 2012.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway