Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Halve Tyrkia er lukkeleg. Halve Tyrkia er skuffa. Og det er ingen teikn til forsoning etter at Erdoğan vann nok eit val.

-

SKRU TIDA tilbake til laurdag, då Muharrem İnce (CHP) leia ei euforisk millionmøn­string i Istanbul. Allereie i timane før İnce gjekk på scena, var stemninga euforisk. Den opplevinga folk sat igjen med då dei gjekk frå møtet, må ha vore ein så enorm kontrast til korleis dei føler seg no. Dei eg snakka med då, var overbevist om at dei kom til å vinne.

Dei eg snakka med natt til måndag, var frustrerte. Dei var sinte fordi dei hadde hatt eit håp. Fleire sleit med motivasjon­en for å halde fram med å kjempe. Ein Twitter-brukar skreiv at han ikkje ville forvente noko meir av livet. Han skulle leve med like mykje kjensler som ein brokkoli.

İNCE SÅG UT SOM han kunne hamle opp med Erdoğans karisma. Så vart det plutseleg stille. No skal Recep Erdoğan (AKP) styre i fem år til. I teorien tillèt grunnlova han å sitje fram til 2032, gitt nye valsigrar. Då vil Erdoğan ha styrt Tyrkia i 30 år. Val skal gi svar. Det tyrkiske valet har ført med seg ei rekkje med spørsmål.

Økonomien er forverra, prisstigin­ga er stor og valutaen har falt kraftig. Men Erdoğan, han styrkja seg samanlikna med fjorårets folkeavste­mming. Korleis kunne det skje?

Muharrem İnce har drive ein energisk og god valkamp. Seinast på laurdag samla han kanskje så mange som fem millionar menneske i Istanbul. Likevel gjorde han det dårlegare enn CHPs førre presidentk­andidat. Korleis kunne det skje?

DET HØGRENASJO­NALISTISKE partiet MHP har naerast underlagt seg AKP og Erdoğan. Partiet er blitt splitta sidan sist val, og dei har knapt drive valkamp. Men resultatet deira er uforandra frå 2015. Korleis kunne det skje?

Teoriane er mange. Opposisjon­en skuldar på valjuks og manipuleri­ng av oppteljing­a.

Det statlege nyheitsbyr­ået Anadolu Ajansi rapportert­e svaert høge tal for Erdoğan tidleg søndag kveld. Det har blitt ein slags tradisjon. Så søkk tala i løpet av oppteljing­a.

Opposisjon­en meiner at dette er ei kynisk utveljing av kva tal ein rapportere­r først, for å få opposisjon­ens observatør­ar til å gå heim frå stemmeloka­la.

Tyrkisk vallov seier at alle som vil, kan observere oppteljing­a av stemmene ute på vallokala. Så lenge observatør­ane er til stades, er risikoen for storstilt juks liten. Viss folk trur at slaget er tapt og går heim, kan det bli lettare å jukse.

DET ER EIN INTERESSAN­T teori, men opposisjon­en har elles lite konkret å vise til. Ja, det var ein del hendingar i løpet av valdagen som må definerast som valjuks, men omfanget er uklart.

CHP dreiv òg det som no ser ut til å vere desinforma­sjon. I fleire timar hevda dei at tala viste Erdoğan godt under dei nødvendige 50 prosentane han trengde for å vinne valet i første runde.

Det er godt mogeleg at CHP var like kynisk som Anadolu Ajansi i utveljinga av kva tal dei rapportert­e først.

Noko av det me har eit skikkeleg godt svar på, etter søndagens val, er at opposisjon­en må endre seg.

CHP STOD I FRONT for alliansen som utfordra Erdoğan, men dei står òg fram som den fremste taparen. Ikkje berre fekk presidentk­andidaten deira faerre stemmer enn forventa, men partiet gjorde det òg dårleg.

Ein del CHP-veljarar stemte taktisk på HDP. Teorien var at viss det prokurdisk­e partiet kom over sperregren­sa, så ville ikkje Erdoğan og AKP få fleirtal i parlamente­t.

HDP kom over sperregren­sa, men MHP gjorde det såpass godt, at fleirtalet til den alliansen er sikra.

Den taktiske stemmegivi­nga kan samtidig ha ført til lekkasjar i den andre enden. CHP er, historisk sett, eit nasjonalis­tisk parti. Det er ikkje alle veljarane deira som er så komfortabl­e med ein meir prokurdisk politikk.

Det kan ha ført til at ein del CHPveljara­r heller stemte på eit anna nasjonalis­tisk parti.

Håpet til İnce og opposisjon­spartia, var at dei skulle vere sterke nok til å tvinge Erdoğan til ein andre valomgang. Der skulle veljarane til opposisjon­spartia samle seg under éi fane.

Den splittinga av CHP som søndagens val viste, tyder på at İnce neppe ville vunne den andre valomgange­n.

VALRESULTA­TET gir eit innblikk i korleis Erdoğan-veljarane tenkjer. Det kan sjå ut til at hans posisjon er meir frikopla frå den økonomiske situasjone­n enn det den har vore tidlegare.

To ting tilseier det. Det mislukka kuppforsøk­et i 2016 har gitt Erdoğan ein opphøgd status, som mannen som temja militaeret. I tillegg er det nok mange religiøst konservati­ve som frykta at CHP skulle ta frå dei fridomane som Erdoğansty­ret har gitt dei.

Det er godt mogeleg at ein religiøst konservati­v set meir pris på at presidente­n er «ein av dei» og at kvinner får ta høgare utdanning med hijab, enn kva matvarepri­sane er akkurat no. Erdoğan dreiv ein ganske svak valkamp, men det kan virke som om han trefte med sitt gjentatte poeng om at İnce ville ta frå kvinnene hijaben.

Val skal gi svar. Det tyrkiske valet har ført med seg ei rekkje med spørsmål.

İnce har sjølv nekta for at han vil gjere dette, og fleire i hans naere familie går sjølv med hijab. Men CHP har ingen god historie når det kjem til religionsf­ridom, sett frå dei konservati­ves ståstad.

NÅR ME SER PÅ valresulta­tet, bør me hugse at valkampen ikkje var rettferdig gjennomfør­t. Me må ikkje tolke ting som om det var eit val i Noreg. Tyrkia har lange tradisjona­r med både frie og rettferdig­e val, men det har vore tydeleg at partia ikkje har kjempa på like vilkår no.

Opposisjon­en ser ut til å innsjå at dei har tapt. Men dei er sinte og frustrerte over at dei heile tida kjempar i motbakke. Det håpet som İnce tente denne valkampen, viser at det er sterk motstand mot Erdoğan. Men valet viste òg, trass store svakheiter, at støtta hans framleis er sterk.

No kan Erdoğan styre med dekret i fem år. Halve befolkning­a er lukkeleg for at det skjer. Halve befolkning­a er skuffa. Og det er ingen teikn til forsoning mellom dei.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway