Bergens Tidende

Restaurant­en Bare Vestland er truga av konkurs

- HANS IVAR MOSS KOLSETH himk@bt.no foto GEIR MARTIN STRANDE

Restaurant­en i Bergen sentrum har to veker på seg til å betale litt over 300.000 kroner i ubetalt moms.

Skatt Vest ville slå restaurant­en konkurs som følgje av manglande momsbetali­ng.

Tysdag møtte partane i Bergen tingrett.

Bakgrunnen var eit ubetalt momskrav på litt over 300.000 kroner.

Opphavleg var kravet på kring 700.000 kroner, men Bare Vestland har klart å gjere opp for seg litt etter litt.

Utsette konkurskra­vet

Innbetalin­gane var også noko av bakgrunnen for at restaurant­en fekk dommaren si velsigning, og unngjekk konkursopn­ing.

Seinast måndag tikka det inn 69.000 momskroner på kontoen til Skatt Vest restaurant­en.

Dommaren godkjente såleis ei betalingsu­tsetjing på to veker.

Under

frå

Tener meir om sommaren

rettsmøtet kom det fram at restaurant­en slit med svingingar i marknaden, men at dei tjener bra om sommaren.

Ifølgje styreleiar Petter Wilhelm Stiegler har Bare Vestland tent ein halv million kroner meir så langt i juni, enn kva dei gjorde i snitt dei første månadane i år.

– Januar, februar og mars er tunge månader i restaurant­bransjen. Det er no om sommaren vi tener pengar, seier styreleiar Petter Wihlem Stiegler til BT.

Han orienterte så retten om at restaurant­en ligg ein månad bak på husleiga, men at dei er i dialog med huseigar.

Tidlegare dagleg leiar Øystein Ellingsen understrek­ar at restaurant­en har kontroll.

Vi skal spare det inn gjennom innstrammi­ngar. Som å bruke meir av kjøttet på dyra vi kjøper inn. Dagleg leiar Morten Tungesvik

– Beløpet som gjenstår vil bli betalt innan fristen. Det første kravet er blitt betalt. Det gjenståand­e beløpet er moms som gjekk til forfall for berre ti dager sidan, seier han til Bergens Tidende.

Må ha auka omsetjing

For at restaurant­en skal overleve, og at dei skal klare å betale kravet, må omsetnaden opp.

Bare Vestland har ein plan, men noverande dagleg leiar Morten Tungesvik vil ikkje gjere drastiske endringar for å auke inntektene.

– Vi skal spare det inn gjennom innstrammi­ngar. Som å bruke meir av kjøttet på dyra vi kjøper inn. Og ved å fjerne unødvendig­e arbeidstim­ar på vaktlista, seier Tungesvik.

 ??  ?? SLIT MED INNTEKTENE: Styreleiar Petter Stiegler (til h.) meiner restaurant­en må tene meir pengar for å unngå nye konkursopp­modingar i framtida. Til venstre tidlegare dagleg leiar, Øystein Ellingsen.
SLIT MED INNTEKTENE: Styreleiar Petter Stiegler (til h.) meiner restaurant­en må tene meir pengar for å unngå nye konkursopp­modingar i framtida. Til venstre tidlegare dagleg leiar, Øystein Ellingsen.
 ??  ?? MOMSKRAV: Bare Vestland har to veker på seg til å betale momskravet på litt over 300.000 kroner. Frå venstre tidlegare dagleg leiar, Øystein Ellingsen og styreleiar Petter Wilhelm Stiegler.
MOMSKRAV: Bare Vestland har to veker på seg til å betale momskravet på litt over 300.000 kroner. Frå venstre tidlegare dagleg leiar, Øystein Ellingsen og styreleiar Petter Wilhelm Stiegler.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway