Bergens Tidende

Fornuftig nedsal

Ap overreager­er på regjeringa­s sal av SAS-aksjar.

-

ONSDAG MELDE regjeringa at dei har seld statens aksjar i flyselskap­et SAS. Det førte til sterke reaksjonar i den raud-grøne leiren.

Kommentara­ne frå SV, Rødt og Senterpart­iet var som venta frå den kanten, negative. Men reaksjonen frå Arbeidarpa­rtiet, som til no har hatt eit meir pragmatisk forhold til saka, verka meir som ei krampaktig helsing til venstresid­a i partiet og LO.

AP STEMTE i si tid for å gje regjeringa fullmakt til å selje, og har vore open for å redusere det statlege eigarskape­t i SAS. Samstundes er Ap for tida prega av suksessen på meiningsmå­lingane til SV og Rødt.

DET ER TRULEG i det lyset ein må tolke Aps naeringspo­litiske talsmann Terje Aasland. Utan å seie at han var imot å selje, kritiserte han regjeringa for «å selge for å selge, uten at de har noen langsiktig plan for selskapet».

Den norske staten eigde under ti prosent av aksjane SAS. Kva makt ser Ap for seg at det gjev? Og kva skulle ein brukt makta til?

HEILT SIDAN Kings Bay-ulykka i 1962 har Ap vore varsam med å la staten blande seg direkte inn i styringa av selskap dei eig, heilt eller delvis. Det har òg vore linja til dei borgarlege partia.

Statleg eigarskap i store norske selskap handlar i dag først og fremst om å sikre at dei ikkje flyttar ut av landet. Til det er det som regel nok med over ein tredel av aksjane, slik staten har i DNB.

STATENS TI prosent gjev med andre ord ikkje nok makt til å gje saerleg meining. Spesielt ikkje til Aaslands argument om at det handlar om å «ivareta arbeidspla­sser». Løns- og arbeidsvil­kår, tilsetjing­ar og oppseiinga­r er tilhøve den norske staten overlèt til leiinga i selskapa å avgjere. Noko anna ville òg vere uhaldbart, spesielt i ei naering som er så utsett for konkurrans­e og omstruktur­eringar som luftfarten.

DET ER VIKTIG at tilbodet av flyteneste­r er godt på norske flyplassar, men det sikrar staten ved å leggje til rette for konkurrans­e og å støtte små flyplassar. I motsetning til i 1946 er det i dag tilnaerma fri internasjo­nal konkurrans­e i luftfarten, noko norske passasjera­r tener på. Ein gong var statens engasjemen­t i SAS fornuftig, men den tida er for lengst over.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway