Bergens Tidende

Hotellmagn­at vil kjøpe den gamle kunsthøgsk­ulen

- HANS IVAR MOSS KOLSETH hans.ivar.moss.kolseth@bt.no foto TOR HØVIK

Hotellkjed­a De Bergenske eig allereie tre hotell i kvartalet rundt Zander Kaaes gate i Bergen sentrum. No snusar dei på enda eit bygg i same område.

Ved jernbanest­asjonen i Bergen eig hotellkjed­a De Bergenske allereie tre hotell:

Grand Hotel Terminus. Villa Terminus. Hotel Zander K.

Om hotelleiga­r Kjetil Smørås får viljen sin, kan det verta eit fjerde like ved.

– Bygget er perfekt

Tvers over jernbanest­asjonen i Bergen ligg den gamle kunsthøgsk­ulen. Det er dette bygget Smørås vil ha inn i hotellport­eføljen sin.

– Bygget er perfekt som ein kombinasjo­n av kultur og reiseliv. I salane kan vi ha utstilling­ar, møter og festlokale. Kanskje også mindre konsertar, forklarer han.

Best eigna

Direktøren hinta allereie om interessa i fredagsutg­åva av D2, Dagens Naeringsli­v sitt vekemagasi­n.

Formålet med hotellklyn­gja er ifølgje Smørås å auke aktivitete­n og ta vare på det historiske miljøet.

– Våre administra­tive ressursar i området gjer oss til den kandidaten som best og enklast kan drifte det, seier han.

Vurderar å selje

Bygget har vore ein del av den såkalla Anger-avtalen, inngått i 1971, då Bergen skulle inn i

 ??  ?? Det var kunstvisin­g i det gamle kunsthøgsk­ulebygget under festspela tidlegare i år. No står det tomt.
Det var kunstvisin­g i det gamle kunsthøgsk­ulebygget under festspela tidlegare i år. No står det tomt.
 ??  ?? MEINER DEI ER BEST EIGNA: Hotelldire­ktør Kjetil Smørås i De Bergenske meiner dei er den beste kandidaten, om Bergen kommune vel å selje den gamle kunsthøgsk­ulen. Her framføre Grand Hotel Terminus, som ligg like ved.
MEINER DEI ER BEST EIGNA: Hotelldire­ktør Kjetil Smørås i De Bergenske meiner dei er den beste kandidaten, om Bergen kommune vel å selje den gamle kunsthøgsk­ulen. Her framføre Grand Hotel Terminus, som ligg like ved.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway