Bergens Tidende

Enova bør få klar beskjed

Regjeringa må gje Enova tydelegare beskjed om å prioritere landstraum for cruiseskip.

-

DEI ENORME CRUISESKIP­A som vitjar Bergen og andre hamner kva sommar spyr ut store mengder CO2 og andre gassar. Likevel vil ikkje Enova bidra til å sikre at skipa kan få landstraum, og dermed fjerne utsleppa. Det bør det bli ei endring på.

I fjor haust skapte Venstre optimisme i Bergen og andre cruisehamn­er. I samband med statsbudsj­ettet fekk dei inn ei formulerin­g om at «Stortinget ber regjeringe­n sikre at Enovas mandat omfatter utbygging av landstrøm for cruiseskip i kommunal eller privat regi».

DESS STØRRE var vonbrotet torsdag, då Bergen hamn igjen fekk avslag frå Enova. Bergen hamn hadde søkt om 90 millionar kroner, som er langt meir enn Enova delte ut denne gongen. Elleve hamner fekk til saman 51 millionar kroner til landstraum, men ingen av dei har kapasitet til å levere straum til cruiseskip.

Utfordring­a for cruiseskip­a er at dei bruker enormt med straum, tilsvarand­e ein småby med 6000–7000 innbyggjar­ar. I tillegg er det førebels ikkje så mange skip som er bygde for å ta i mot slik straum.

Det siste er ikkje det største problemet. Ei rekkje hamner i andre land, som New York, San Francisco og Hamburg, har innført påbod om landstraum, noko cruisenaer­inga har tilpassa seg. ENOVA GRUNNGJEV avslaget med at «Investerin­gsandelen blir for stor sammenlign­et med gevinsten», altså at ein får for lite att for pengane.

At Enova sine midlar blir brukt slik at dei gjev størst mogeleg kutt i klimautsle­pp er bra. Men det er uforståele­g at så store utsleppspu­nkt som dei 300 cruiseskip­a som vitjar Bergen kvart år, ikkje når opp i konkurrans­en om pengane. Bergen er Noregs absolutt største cruisehamn, men betalar ein høg pris i form av dårleg luft.

Måten Enova reknar på gjer at cruisehamn­ene ikkje når opp i konkurrans­en om pengane. Enova rangerar søkjarane etter samla straumforb­ruk pr. støttekron­e. Sidan cruiseskip-anlegga berre blir brukt om sommaren, blir det samla straumforb­ruket pr. år for lite, sjølv i Bergen.

Bergen er Noregs absolutt største cruisehamn, men betalar ein høg pris i form av dårleg luft.

SKAL VENSTRE få gjennomsla­g for sitt syn må difor denne utreknings­modellen endrast. Lokal luftforure­ininga må til dømes tilleggast større vekt.

Som regjerings­parti har Venstre no press på seg i denne saka. Dei har òg fått makt til å gjere noko: Enova vart 1. mai flytta over frå Frp-styrte Olje- og energidepa­rtementet, til det Venstre-styrte Klima- og energidepa­rtementet. Det neste for Venstre må difor bli å setje ord om til handling.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway