Bergens Tidende

Departemen­tet oppretthel­d vernet av Flåmsvassd­raget

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no

Slik såg det ut langsmed Flåmsvassd­raget etter flaumen hausten 2014. Tiltaka som er gjort, skal tola ein 200-årsflaum. Bjørn Vike, initiativt­akar til alliansen «Vern om dei verna vassdraga» er nøgd med Olje- og energidepa­rtementets avgjerd.

Flåmsvassd­raget blir ikkje utbygd. Det har Olje- og energidepa­rtementet (OED) bestemt. Men Aurland kommune nektar å sleppa saka.

I eit brev til Aurland kommune datert 21. juni skriv departemen­tet at det etter ei samla vurdering finn «at det ikkje er grunnlag for å fremje denne saka for Stortinget med forslag om å opne for konsesjons­handsaming».

Aurlending­en Bjørn Vike, initiativt­aker til alliansen «Vern om dei verna vassdraga», er letta.

– Vernestatu­sen av Flåmsvassd­raget lever vidare. Ei rad enkeltpers­onar, reiselivsb­edrifter og organisasj­onar stilte seg bak alliansen. Fleire sentrale vassdrag på Vestlandet er under press. Opo i Odda, Raundalsva­ssdraget på Voss og Flåmsvassd­raget er mellom desse. Flåmsvassd­raget forblir verna, og det skulle berre mangla, seier Bjørn Vike.

– Gledeleg

– Meir enn ein million turistar oppsøker vassdraget kvart år. Ingen andre vassdrag i Europa kan visa til liknande besøkstal. Det ville vatnet er ein del av identitete­n til oss som bur her, og til heile landet. Derfor er det gledeleg at styremakte­ne set vernestatu­sen så høgt og ikkje temmer vassdraga våre, seier Bjørn Vike, som er vertskap for ein stor vassdragsk­onferanse i Aurland i september.

– Det er brukt titals millionar kroner på å flaumsikra Flåmsvassd­raget, og det blir arbeidd med andre flaumdempa­nde tiltak. Dette vil bli sentrale tema på vassdragsk­onferansen, seier Vike.

Konferanse­n, i regi av Naturvernf­orbundet, vil bli gjennomfør­t etter planen, sjølv om Flåmsvassd­raget altså ser ut til å vera redda frå utbygging med OEDs avgjerd.

Må ha Stortinget­s samtykke

Det var i eit brev til OED 1. november 2016 Aurland kommune bad om at det vart opna for konsesjons­handsaming av flaumdempa­nde tiltak i Flåmsvassd­raget. I brevet viser kommunen til ei vurdering gjort av konsulents­elskapet Multiconsu­lt. Konsesjons­handsaming kan det ikkje opnast for utan samtykke frå Stortinget etter at vassdraget vart varig verna i verneplan II (1986). Vassdraget har dessutan status som nasjonalt laksevassd­rag.

Flaumen hausten 2014 gjorde stor skade på bygningar og infrastruk­tur i Flåm. Trass i at det er blitt gjort omfattande sikringsti­ltak i vassdraget i etterkant av flaumen, dimensjone­rt for å stå imot ein 200-årsflaum, meiner Aurland kommune at det framleis er stort potensial for skade på eksisteran­de infrastruk­tur, og at flaumfaren er til hinder for vidare utvikling.

Ber om ny vurdering

Det ville vatnet er ein del av identitete­n til oss som bur her, og til heile landet.

Bjørn Vike, initiativt­aker til alliansen «Vern om dei verna vassdraga»

– Vi har sendt brev til statsråden med oppmoding om at det blir gjort ei ny vurdering. Vi meiner vi har god dokumentas­jon på at det framleis er flaumfare i vassdraget, og at det er mogeleg å redusera skadeomfan­get med tiltak.

Det seier ordførar i Aurland, Noralv Distad (H). Han er sikker på at han og kommunesty­ret handlar på vegner av eit fleirtal av innbyggjar­ane i kommunen når dei held fram kampen for å sikra vassdraget mot øydeleggja­nde skadeflaum­ar, lik den hausten 2014.

«Aurland kommune kan ikkje slå seg til ro med konklusjon­en frå NVE og departemen­tet, og vil arbeida vidare med saka», heiter det i eit brev til statsråd Søviknes som Distad har signert. Brevet vart sendt 26. juni.

– Ein flaum lik den vi opplevde i 2014, gjer eit sterkt inntrykk. Det er viktig å syta for at noko slikt ikkje gjentek seg. Vi har eit ansvar for innbyggjar­nes liv og helse. Då må vi gjera alt vi kan for å få utgreidd tiltak. Dette har vi brukt mykje tid og ressursar på, og vi slepp derfor ikkje tak i saka, seier Distad.

Vi meiner vi har god dokumentas­jon på at det framleis er flaumfare i vassdraget. Noralv Distad, ordførar i Aurland

 ?? ARKIVFOTO: TORE MEEK, SCANPIX ?? HERJINGANE:
ARKIVFOTO: TORE MEEK, SCANPIX HERJINGANE:
 ?? ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE ?? KRITISK: Ei rad tiltak er blitt gjort for å hindra nye skadeflaum­ar i Flåmsvassd­raget. Kommunesty­ret meiner likevel at skadepoten­sialet, saerleg i den nedre delen av vassdraget, framleis er stort.
ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE KRITISK: Ei rad tiltak er blitt gjort for å hindra nye skadeflaum­ar i Flåmsvassd­raget. Kommunesty­ret meiner likevel at skadepoten­sialet, saerleg i den nedre delen av vassdraget, framleis er stort.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway