Bergens Tidende

Morten Myksvoll

-

Skandalen i Trondheim bør gjere inntrykk på politikara­ne i Bergen.

KVART FJERDE ÅR kan kommunepol­itikarar gjere folk til mangemilli­onaerar over natta. Med eitt pennestrøk kan ein grasflekk bli til eit rikt byggjeland.

Når både byane og bustadpris­ane veks, freistar både politikara­r og utbyggjara­r å byggje i utkanten. I Bergen har ein verna byfjella frå utbygging ved å setje opp ei byfjellsgr­ense. I Trondheim har ein verna viktige landbrukso­mråde med ein «grøn strek».

Alt som er bak streken er urørleg. Heilt til nokon endrar på streken, sjølvsagt.

TRONDHEIM HAR DET SISTE ÅRET blitt skaka av den såkalla Kystad-saka. I 2015 ville rådmannen verne landbrukso­mrådet Kystad frå utbygging, og foreslo difor å leggje området bak streken.

Utbyggjara­ne protestert­e, slik dei har all rett til å gjere. Slike grenser er politisk valde, og interessen­tane har all rett til å kjempe imot slike vedtak.

Men Kystad-saka handlar ikkje om utbyggjara­r som kjempa mot den Apleia kommunen. Den handlar om ein av Arbeidarpa­rtiets fremste i Trøndelag over mange år, Rune Olsø, og hans engasjemen­t som politikar og lobbyist.

Gjennom ei lang rekkje artiklar, har Adresseavi­sen avslørt prosessen som førte til at Kystad – og fleire andre tomter – ikkje vart verna likevel.

AVISA FANN EIN AVTALE med rådgjevars­elskapet Staur, der selskapet ville tene seks millionar kroner på ei bustadutvi­kling på Kystad. Rådgjevara­ne ville få éin million viss området vart unnateke grøn strek.

Så vart det kjent at Olsø var partnar i Staur. Så at Olsø hadde eigarinter­esser i eit anna område som òg slapp unna vern. Hadde Olsø vore ein privatpers­on, ville ikkje desse momenta vore problemati­ske. Men han sat i bystyret, og han hadde leia det mektige Trondheim Ap i mange år.

Han gjorde det han måtte gjere, og erklaerte seg inhabil i bystyrehan­dsaminga av planen. Og det er ikkje noko problemati­sk ved å vere inhabil. Slikt skjer, så lenge ein tillèt at politikara­r har eit økonomisk liv på utsida av bystyresal­en.

Men Rune Olsø trekte seg ikkje unna saka. Han deltok aktivt i prosessen som avgjorde Arbeidarpa­rtiets standpunkt, og dermed saka. OIsø var med på å skrive teksten som utløyste ei utbetaling på éin million til selskapet han var partnar i. Og han var med på å skrive teksten som omhandla vern av eit område han sjølv hadde eigarinter­esser i.

«DET AT DU ERKLAERER DEG inhabil betyr ikke at du er avskåret fra å komme med innspill og synspunkte­r,» sa Olsø på Dagsnytt 18 i februar. Men det stemmer ikkje.

Er ein inhabil, så har ein berre med å halde seg unna. Heile poenget med habilitets­reglane er at befolkning­a ikkje skal kunne trekkje motiva til politikara­ne i tvil. Dei fattar avgjerder som får store konsekvens­ar for byen.

Det er ikkje nok berre å stå på gangen når bystyret debatterer og voterer. Ein skal halde seg unna avgjerdspr­osessen innanfor kommunen, og innanfor partiet.

Habilitet er noko ein har ansvar for sjølv. Det hjelper ikkje at Aps dåverande gruppeleia­r Geir Waage bad Olsø kome med innspel. Olsø hadde eit ansvar for å seie nei sjølv. Det gjorde han ikkje.

Tvert imot, så forsøkte han å halde påverknade­n sin skjult for ålmenta.

KORT TID ETTER ADRESSAS AVSLØRINGA­R, bestemte Økokrim seg for å opne ei etterforsk­ing av saka, med mistanke om «påvirkning­shandel i forbindels­e med et politisk vedtak». Saka vart lagt bort på bevisets stilling, men Adressa har fått innsyn i dei mange vitneforkl­aringane.

Dei viser at fleire av dei sentrale personane, inkludert Olsø, endra forklaring GULLGRUVEN­E I BYUTVIKLIN­GA er ikkje avgrensa til grøn strek eller byfjellsgr­enser. Det er langt frå alle friområde i Bergen som er dekka av byfjellsgr­ensa, til dømes. I den gjeldande kommunepla­nen i Bergen, er det opna for ei lang rekkje utbyggings­område.

Under rulleringa av kommunepla­nen, foreslo byrådet ei kraftig innstrammi­ng. Talet på utbyggings­område skulle ned til sju fortetting­ssoner. Det førte til ein umiddelbar protest frå utbyggjara­r, med store planar i område som no ikkje skulle utnyttast likevel.

DET ER ENORME PENGESUMMA­R involverte når slike planar vert endra, og ein slik prosess fører med seg mange hundre formelle innspel. Kor mange uformelle innspel politikara­ne får, er det ingen som veit.

Presset på avgjerdsta­karane er enormt. Då er det tilliten ein lever av.

Kystad-saka har skada den tilliten i Trondheim. Alle andre som driv med byutviklin­g må ta laerdom av saka, for å unngå å hamne i den same smørja.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway