Bergens Tidende

– Eg sa til meg sjølv: Eg skal ikkje døy her

- HANS IVAR MOSS KOLSETH hans.ivar.moss.kolseth@bt.no PAUL ANDRÉ SOMMERFELD­T GURO VALLAND foto FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

Jurgen Klaus (75) fortel at han aldri fekk panikk då han falt ned i ein smeltespre­kk på Folgefonna. No takkar han redningsma­nnskapa for at han er i live.

Frå sjukesenga fortel den kanadiske turisten om kva som skjedde då han fall ned i ein vel 15 meter djup sprekk ved Folgefonna.

Laurdag ettermidda­g var Klaus på veg tilbake til skihytta ved sommarskis­enteret, etter først å ha gått seg vill.

– Eg hadde veldig vondt

Klaus braut minst fire ribbein, fekk fleire mindre brot i ryggen og punkterte ei lunge i fallet.

– Eg datt og banna, og sklei hovudstups ned i sprekken, fortel han.

Sekken på ryggen tok noko av fallet. Og godt var det. Men den gjorde og at han kilte seg fast.

Redda av mobilen

Då Hordaland alpine redningsgr­uppe kom til Folgefonna, søkte fleire helikopter allereie etter Klaus.

Heldigvis hadde han både straum og dekning på telefonen, men han visste ikkje kor han var.

Ved å lytte til støyen frå rotorane, fekk 75-åringen kommuniser­t posisjonen sin til nødoperatø­ren, som igjen kommuniser­te med helikopter­et.

– Det hadde vore mykje meir komplisert å finne han om han ikkje hadde hatt telefon, seier Lars Mjaasvatn frå Hordaland alpine redningsgr­uppe.

– Eg hadde veldig vondt og sa til meg sjølv: Eg skal ikkje døy her, fortel 75-åringen.

Mjaasvatn var nede i sprekka saman med ein person frå redningshe­likopteret.

– Det er ikkje uvanleg at det skjer med uerfarne fjellfolk og turistar, seier han.

Enorm meistrings­kjensle

Mannskapet

frå

redningshe­likopteret og Hordaland Alpine redningsgr­uppe fekk ein triangelse­le ned til Klaus, og firte seg ned i sprekken.

– Slikt må skje effektivt og skånsamt, fortel Mjaasvatn.

Sakte, men sikkert heisa dei Klaus opp til overflata.

– Når vi lykkast med å berge nokon, får eg ei enorm meistrings­kjensle, seier Mjaasvatn.

Fleire ulukker i finvêret

Klaus skjønte ikkje kor glatt snøen var ved sprekka, før han sklei og fall ned i mørket.

Dei alpine redningsgr­uppene jobbar frivillig som hjelpekorp­s og har saerskilt kunnskap om redningsak­sjonar i vanskeleg fjellterre­ng og på brear.

Leiaren deira i Hordaland, Stein Falsen Møller, har merka ein auke på talet i utrykkinga­r.

– Når det er mykje fint vêr, sommarferi­e og turistseso­ng, er det veldig mange ute i ulendt terreng. Fleire er ikkje godt nok skodde til å ferdast i røff, norsk natur. Då aukar ofte talet på hendingar proporsjon­alt med aktivitete­n, seier han.

Vil tilbake til Noreg

Til trass for ulykka seier 75-åringen at han er imponert over nordmenn og innsatsen som blei lagt ned av redningsla­get. Han kjem gjerne tilbake.

– Eg vel å sjå på det som ei positiv erfaring. Alle har tatt godt vare på meg, seier Jurgen Klaus.

 ?? HORDALAND ALPINE REDNINGSGR­UPPE ?? VANSKELEG Å FINNE: Jurgen Klaus kunne så vidt skimte lys gjennom sprekka.
HORDALAND ALPINE REDNINGSGR­UPPE VANSKELEG Å FINNE: Jurgen Klaus kunne så vidt skimte lys gjennom sprekka.
 ??  ?? TAKKSAM: Jurgen Klaus rosar redningsfo­lka som hjelpte til då ulykka på Folgefonna var eit faktum.
TAKKSAM: Jurgen Klaus rosar redningsfo­lka som hjelpte til då ulykka på Folgefonna var eit faktum.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway