Bergens Tidende

Ein fjordbuss

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto NIKITA SOLENOV

Bølgjene på Sørfjorden har fått kvite skumtoppar på. Det skummar friskt om bord på «Midthordla­nd» òg.

– Heilt avgjerande, seier Helge Andersen om trafikken mellom bar og salong.

– Utan desse blåturane hadde det nok ikkje gått rundt.

Det er fredag, helgestart og feriestemn­ing. 110 feststemte gjester har fylt salongane på den gamle fjordbåten. Framfor baugen ligg fjorden glitrande vakker i solsteika. Alt ligg til rette for nok ein vellukka blåtur med ein av fjordens trufaste travarar. No med nytt liv som siglande festlokale.

Fiksa for 6,7 millionar

Helge Andersen er ein av dei 13 osingane og tysnesinga­ne som i 2009 kjøpte «Midthordla­nd» og sikra at ho framleis skal pløya bølgjene i fjordane rundt Bergen. 4,2 millionar kroner var prisen. Sidan den gongen har Riksantikv­aren løyvd 6,7 millionar kroner til rehabilite­ring av skuta, som i 1995 fekk status som verneverdi­g. Det meste under vasslinja er skifta ut, stålet inkludert. Dekket framme er nytt og frå furuskogan­e ein plass i Os er ny mast henta.

– Mest mogeleg autentisk. Alt arbeid er utført i tråd med Riksantikv­aren sine pålegg og ønskjer, mykje av det på dugnad, seier Andersen, der han stolt viser rundt, både inne og ute.

Frå Stord Verft

«Midthordla­nd» er ein av fjordbussa­ne som trafikkert­e bassenget rundt Os og Tysnes frå krigens slutt og i tiåra framover. Jomfruture­n vart gjennomfør­t 5. desember 1947. Den slanke farkosten, som i sine velmaktsda­gar gjorde 16 kvikke knop,

 ??  ?? Bente Skare Seim, 5912 Seim Henriette Tellevik, 5307 Ask Marlyn J. Tonheim, 5115 Ulset Robert Vancisin,5258 Blomsterda­lenSigve Ølfarnes, 5417 StordGOD SOM NY: «Midthordla­nd» vart det første norske etterkrigs­fartøyet som fe
Bente Skare Seim, 5912 Seim Henriette Tellevik, 5307 Ask Marlyn J. Tonheim, 5115 Ulset Robert Vancisin,5258 Blomsterda­lenSigve Ølfarnes, 5417 StordGOD SOM NY: «Midthordla­nd» vart det første norske etterkrigs­fartøyet som fe

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway