Bergens Tidende

Ryssar sitt spor

-

var ho i utanbys og jamvel utanlandsk eige. Ei tid gjekk ho turar i den svenske skjergarde­n, og i årevis etter det att vart ho brukt til ulike føremål ved ein kai i London. Også på Oslofjorde­n har ho gått chartertur­ar, før ho i 1994 vart kjøpt attende til sitt opphavlege område. «Midthordla­nd» har bore mange ulike namn. «Midland», «Marina», «St. Lucy» og «Sunrise II», og ho har sigla under både svensk og britisk flagg.

Aksjeselsk­ap

I 2009 kom skuta for sal att. Då var det at dei 13 entusiasta­ne frå grendene rundt Bjørnafjor­den samla seg og romla nok kapital til å ta over «Midthordla­nd».

–Det ville vore for gale om båten atter skulle forsvinna frå våre farvatn. Difor lagde vi spleiselag­et, seier Andersen.

Som den einaste veteranbåt­en på våre kantar, er «Midthordla­nd» organisert som eit aksjeselsk­ap. I realiteten er det eit reiarlag dei driv, dei 13 karane, med Helge Andersen som ubetalt dagleg leiar. Skulle det vera noko til overs når rekningane er betalt, blir pengane brukt på båten.

Å bli sett

– Det er alltid noko som må fiksast. Dei to seinaste åra har vi ikkje motteke midlar frå Riksantikv­aren. Det er mange om beinet, fortel Andersen, som til dagleg er kaptein på ferjesamba­ndet Gjermundsh­amnÅrsnes.

Det hender han tek roret på «Midthordla­nd». Det er ei skute han er blitt glad i. Å krusa av garde på dei fjordane der skuta historisk er heimehøyra­nde, er spesielt tilfredsst­illande.

– Aldri er vi naerare til å oppfylla oppdraget vårt. Å bli sett på fjorden. Det er difor vi held på med dette, seier Helge Andersen.

Sjå fleire bilete på bt.no

 ??  ?? tus som verneverdi­g av Riksantikv­aren. Det skjedde i 1995. Skuta er rehabilite­rt for 6,7 millionar kroner.
tus som verneverdi­g av Riksantikv­aren. Det skjedde i 1995. Skuta er rehabilite­rt for 6,7 millionar kroner.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway