Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

-

Hlåg Solbergreg­jeringas største reform, kommuneref­orma, an til å bli ein fiasko. I august hadde berre tre av 428 kommunar bestemt seg for å slå seg saman. Så tok kommunalmi­nister Jan Tore Sanner (H) grep. Det lønte seg litt for godt å takke nei. Som Sanner sa det sjølv: «Problemet med dagens inntektssy­stem er at det straffer kommuner som ønsker å slå seg sammen.»

Difor endra regjeringa inntektssy­stemet til kommunane, med verknad frå 1. januar 2017. Straffa vart flytta frå dei som sa ja til dei som sa nei. Kommunanes interesseo­rganisasjo­n KS rekna seg fram til at fire av fem småkommuna­r ville tape på det nye systemet. 260 av landets 428 ordførarar skreiv under på eit opprop mot endringa, som dei meinte var ein plan for tvangssama­nslåing.

Uansett, planen fekk fart på reforma. 428 kommunar vil i 2020 bli til 356.

MEN REFORMA er ikkje over. I mai kunne den nye kommunalmi­nisteren, Monica Maeland (H), fortelje at regjeringa vil forlenge systemet med økonomiske godbitar til kommunar som ombestemme­r seg og likevel vil slå seg saman.

Fordi, som regjeringa skreiv i kommunepro­posisjonen ho la fram i mai: «Det fortsatt er behov for endringer i kommunestr­ukturen.»

Regjeringa viser til at sjølv etter samanslåin­gane vil over halvparten av kommunane ha under 5000 innbyggjar­ar. Regjeringa­s ekspertutv­al meinte i 2014 at minstekrav­et burde vere 15.000. Stortingsr­epresentan­t Ove Trellevik (H) tok nyleg til orde for å halvere talet på kommunar i det nye Vestland fylke (Hordaland og Sogn og Fjordane).

SÅ KOMMUNEREF­ORMA går vidare. Men regjeringa har mista eit viktig verkemidde­l: Tvang. Regjerings­partia Høgre, Frp og Venstre har vore åleine om å tvinge gjennom samanslåin­gar. Etter valet i fjor har ikkje dei lenger fleirtal.

Dermed blir inntektssy­stemet viktigare.

Her har regjeringa litt spelerom, for opposisjon­en er ikkje heilt samla. Då Senterpart­iet i vår foreslo å reversere Sanners endringar av inntektssy­stemet, fekk dei ikkje støtte frå KrF og Ap. Sanners endringar blir dermed ståande.

Inntektssy­stemet til kommunane er notorisk komplisert, fullt av tekniske detaljar som kan brukast til å stramme skruen. Regjeringa ønskjer til dømes å endre den såkalla distriktsi­ndeksen, som bestemmer kor stort «distriktst­illegg» kommunane får frå staten.

Då forslaget først kom, rekna Jan Mønnesland, tidlegare forskingsl­eiar ved Norsk institutt for by- og regionsfor­sking (NIBR), seg fram til at distriktsk­ommunane ville tape over 300 millionar kroner på omlegginga. Men premissane for reknestykk­et er uklart. Dessutan er heile saka utsett til neste år.

HOVUDARGUM­ENTET for heile kommuneref­orma har vore å sikre kvaliteten på tenestene kommunane leverer. For det er jo ikkje populaert å snakke om å kutte i offentlege utgifter her i landet. Likevel handlar reforma om pengar, men då om å bremse utgiftsvek­sten som kommunane uansett vil få som følgje av eldrebølgj­a. Det er jo både naudsynt og fornuftig.

Men det er grunn til å spørje om fornufta i, og motiva bak, dei mange nye krava som regjeringa no pålegg kommunane. Frå i år må alle kommunar ha lege, sjukepleia­r, fysioterap­eut, jordmor og helsesøste­r. Frå 2020 må dei i tillegg ha ergoterape­ut, psykolog og tannlege. Også innanfor brannvern har det kome nye krav til heiltidsst­illingar. Det er sikkert meir – det er ikkje lett å ha oversikta.

I mange små kommunar eg har snakka med dei siste dagane spør rådmenn og ordførarar seg om kva motivet til regjeringa er. Dei nye krava gjer det stadig meir vanskeleg og dyrare å vere liten. Dei gjer det stadig vanskelega­re å stå åleine. Viss pålegga er ein tildekt strategi for å presse småkommuna­r til å slå seg saman, så kan det faktisk fungere, sjølv om det er ein merkeleg måte å styre eit land på.

Resultatet av endringane viser seg allereie. I ei spørjerund­e BT har gjort svarer eit fleirtal av ordføraran­e i det nye Vestland fylke ja på spørsmålet om endringane i inntektssy­stemet og krav frå regjeringa gjer det vanskelega­re å halde fram som eigen kommune.

MEN, DET ER KLART,

politikk er det mogleges kunst. Kommunesam­anslåingar er politisk vanskeleg. Parti som tvingar kommunar saman på tvers av folkevilje­n, må rekne med å bli straffa i neste val. Dessutan gjev ikkje tvang den beste føresetnad­en for at samanslåin­ga skal bli vellykka.

Langt betre då å la pengane gjere jobben. Uklare årsaker hindrar opprør og motstand, skaper passivitet og resignasjo­n.

Dei nye krava gjer det stadig meir vanskeleg og dyrare å vere liten.

Før regjeringa endra inntektssy­stemet hadde små kommunar lite å tape på seie nei til samanslåin­gar. No merkar dei det. Ikkje minst dei som har relativt kort avstand til naboen og som likevel ikkje ville slå seg saman, dei regjeringa definerer som «frivillig små».

Dei vil merke det meir og meir. For inntektssy­stemet fungerer no òg slik at kommunar med låg folketalsv­ekst, eller nedgang, mister inntekter. Og dei er det mange av i Distrikts-Noreg. Og har kommunen lagt ned alle skulane utanom ein, alle sjukeheima­r utanom ein, og reinska kommunehus­et til beinet, så er det ikkje så mange stadar att å gå, enn å leggje seg under naboens tre og døy.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway