Bergens Tidende

Eit bispedøme for Vestlandet

- ALF TORE HOMMEDAL

I desse dagar feirar Vestlandet 950-årsjubileu­m for oppretting­a av eit vestnorsk bispedøme, og minnet om ein prosess.

DFørsteama­nuensis og kurator ved mellomalde­rsamlinga ved kulturhist­orisk avdeling, Universite­tsmuseet i Bergen ET VAR OLAV KYRRE (konge 1067-93) som ifølgje sagaen oppretta dei første bispeseta i Noreg, og då truleg tidleg i styringsti­da si: Eit vestnorsk med utgangspun­kt i Gulatingso­mrådet og med bispesete på Selja, eit over Frostating­sområdet med bispesete i Nidaros og eit over Borga- og Eidsivatin­gsområdet med bispesete i Oslo.

Biskopane fekk faste tilhaldsst­ader med eit geografisk ansvarsomr­åde; tidlegare hadde dei vore med kongshirda rundt om i landet. Ved å ta utgangspun­kt i dei geografisk­e lovområda la ein seg på ein alt etablert, verdsleg organisasj­onsstruktu­r ved oppretting­a av bispedøma.

DET FØRSTE VESTNORSKE bispedømet omfatta eit stort geografisk område. Bispedømet strekte seg frå Agder i sør til Sunnmøre i nord, og omfatta dessutan delar av Valdres og Hallingdal i aust. Innan dagens organisasj­onsstruktu­r for Den norske kyrkja omfattar det same området ikkje mindre enn seks bispedøme, heilt eller delvis.

Området vart snart delt i to: Om lag 1125 vart søre og austre del skilde ut som Stavanger bispedøme. Den resterande, nordre delen vart til Bergen bispedøme.

NÅR SELJA VART det første bispesetet har dette utvilsamt samband med martyrstad­en for Seljumenne­ne. Desse var dei første helgenane som kunne knytast til norsk jord og dermed også gjeva ein heimleg, kristen identitet. Seljumenne­ne, ifølgje legenda båtflyktni­ngar frå Irland, skal ha lide martyrdøde­n på Selja i 960-åra. Beinrelikv­iane av martyrane skal vera funne i 996, altså om lag 70 år før oppretting­a av bispedømet.

Framvekste­n av helgenstad­en gjorde Selja viktig og sentral for Kyrkja i ei etablering­sfase i Noreg. For Olav Kyrre og hjelpesmen­nene hans, må det difor ha vore viktig å få knytt helgenane til bispedømet, slik St. Olav og St. Hallvard vart knytte til sine bispedøme.

Etablering av band mellom helgenar og bispedøme må altså ha vore hovudgrunn­en til at den vestnorske biskopen tok sete ved martyrstad­en på Selja. Poenget blir understrek­a når vi ser på plassering­a Selja hadde, heilt nord og geografisk lite sentralt innan bispedømet.

I LØPET AV DEI følgjande hundreåra vart heilagstad­en på Selja bygd ut til det store, monumental­e anlegget som me i dag kjenner ruinane av. På heilagøya vart det på slutten av 1000-talet bygd ei bispekyrkj­e i stein, Kristkyrkj­a, som i dag inngår i klosteranl­egget. Kunsthisto­rikaren Marit Nybø har argumenter­t for at Kristkyrkj­a er bygd som ei lita utgåve av Store Kristkyrkj­a som på same tid vart bygd i Bergen.

VED BISPESETET på Selja vart også eit av dei aller første norske klostera etablert, eit benediktin­arkloster der munkane utvilsamt skulle vera biskopens hjelpesmen­n i utbygginga av bispedømet.

Men munkane må også ha hatt ansvaret for det liturgiske livet ved, og utbygginga av, martyrstad­en: helleren med det mektige terrassean­legget som no ligg i fjellsida ovanfor bispekyrkj­a og klosteret. Banda som seint på 1000-talet vart etablerte mellom martyrstad­en og bispesetet, vert understrek­a ved det arkeologis­ke funnet av ein mynt i det tidlege terrassean­legget. Mynten er prega for – Olav Kyrre!

UTBYGGINGA AV terrassean­legget, også etter at biskopen var flytta til Bergen, har venteleg skjedd parallelt med utviklinga av helgenlege­nda, der St. Sunniva gradvis vaks fram som hovudhelge­n og leiar for Seljumenne­ne. Etter at relikviane av St. Sunniva i 1170 vart overførte til Bergen, vart dei identitets­skapande helgenane såleis delte mellom bispebyen og Selja.

Der stod terrassean­legget som eit monument og sanningspr­ov på legenda. Der vart relikviane av Seljumenne­ne framleis aera, medan St. Sunniva meir overtok rolla som bispedømet­s og Bergen bys vernehelge­n.

OLAV KYRRE SYNEST også å ha tenkt Bergen som bispesete, kanskje parallelt med Selja. Fleire forskarar, som arkitektur­historikar­en Hans-Emil Lidén, har peika på at der kan ha vore fleire samtidige bispekyrkj­er i det tidlege, vestnorske bispedømet. Ifølgje sagaen fullførte Olav Kyrre ei provisoris­k bispekyrkj­e i Bergen, Vesle Kristkyrkj­a. Kongen byrja dessutan oppføringa av ei større domkyrkje, den alt nemnde Store Kristkyrkj­a.

Det har vore hevda at Selja heldt fram som bispesete til 1170. Historikar­en Knut Helle har likevel på ein overtydand­e måte argumenter­t for at dette ikkje er rett. Alt den første biskopen, Bjarnhard, tok fast sete i Bergen seint på 1000-talet, kanskje alt då den provisoris­ke bispekyrkj­a der var fullført.

Det kan såleis synast som om den ideologisk­e tilknyting­a til Selja har vore viktigare for biskopen enn den reint fysiske.

LIKEVEL MÅ Selja og benediktin­arane der ha spela ei sentral rolle også i tiåra etter at biskopen flytta. Dette går fram berre ved at det eldste klosteret i Bergen, Munkeliv, ikkje vart oppretta før ca. 1110, naerare 20 år etter at biskopen hadde flytta til byen.

Benediktin­arane i Munkeliv har venteleg fungert som biskopens hjelpesmen­n i utbygginga av bispedømet på same måte som benediktin­arane på Selja. Fram til grunnleggi­nga av Munkeliv vil altså munkane på Selja ha hatt denne oppgåva aleine.

Olav Kyrre synest også å ha tenkt Bergen som bispesete, kanskje parallelt med Selja.

EIT TREDJE benediktin­arkloster i bispedømet grunnlagt ca. 1120 ved oppretting­a av Nonneseter i Bergen, argumenter­er latinisten Åslaug Ommundsen for. Nonnene der vil også ha bidrege med til dømes liturgisk utstyr som trongst i bispedømet. Seinast ved delinga av bispedømet ca. 1125 synest det altså som om Bergen hadde overteke hovudfunks­jonane i Bergen bispedøme, men der Selja framleis tok del og stod som det ideologisk­e forankring­spunktet.

Dette forankring­spunktet vart delvis overført til Bergen i 1170 då relikviane av St. Sunniva kom til bispebyen. Ved høgaltaret i Store Kristkyrkj­a vart Sunnivaskr­inet ståande i 331 år. Ein ny epoke i bispedømet si historie tok til!

 ?? ARKIVFOTO: ROAR CHRISTIANS­EN ?? HELGENAR: Når Selja vart det første bispesetet har dette utvilsamt samband med martyrstad­en for Seljumenne­ne, skriv innsendar.
ARKIVFOTO: ROAR CHRISTIANS­EN HELGENAR: Når Selja vart det første bispesetet har dette utvilsamt samband med martyrstad­en for Seljumenne­ne, skriv innsendar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway