Bergens Tidende

Morten Myksvoll

-

Det er best for Noreg om me ikkje får plass ved det viktigaste bordet i FN.

DEN LANGE VALKAMPEN for å få sitje i Tryggingsr­ådet i FN har starta. Fram mot 2020 skal Noreg drive valkamp for å bli eitt av 15 land som definerer kva som er lov og ikkje lov i verda. Det er jo openbert freistande. Men Noreg burde aldri ha stilt til val.

Noreg er eit lite land i verda, men me er stor i diplomatie­t. Dels fordi me har pengar og deler ut Nobels fredspris, men òg fordi me har tatt meklarposi­sjonen i mange saker. Noreg har vore viktig i samtalar mellom Israel og Palestina, mellom Colombia og Farc-geriljaen, mellom partane på Sri Lanka og i oppretting­a av Sør-Sudan. For å nemne dei mest kjende.

Langt frå all innsats har ført til fred, men den har definitivt ført til at Noreg vert lagt merke til på den internasjo­nale scena.

VISS NOREG LUKKAST i å sikre eit sete i Tryggingsr­ådet, blir det femte gong me tar plass rundt FNs runde bord. Det er herfrå ein kan få klarsignal til å drive krigføring. Sist gong hamna me midt i opptakten til Irak-krigen. No er situasjone­n meir ustabil, med store gnissingar internt i Nato.

I den minimale offentlege debatten knytt til kandidatur­et, har det handla mest om kva Noreg kan få til. Det har vore lite debatt om risikoen ved å gå inn i Tryggingsr­ådet.

Norsk utanrikspo­litikk må ta høgde for kva som er norske interesser. Me har alltid hatt ei brei tolking av kva det er, blant anna gjennom storstilt utviklings­hjelp. Utviklinga sør for Sahara er viktig for Noreg, og ikkje berre av humanitaer­e omsyn.

I ei tid der folk er uroa over store migrasjons­bølgjer, vil utvikling og stabilitet i Afrika gjere utslag på folkeflytt­inga.

Det siste året er det blitt lagt ned sju veto i Tryggingsr­ådet. Russland har stått for fem, USA har stått for to. Kva side hadde me landa på, viss Noreg hadde vore medlem i år?

NORSKE INTERESSER HAR VORE førande for regjeringa­s utanrikspo­litikk. Sjå berre på forholdet mellom Noreg og Kina. Då den kinesiske regimekrit­ikaren Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010, stengde Kina ned den diplomatis­ke kontakten med Noreg i protest.

Som eit forsøk på å innynde seg med kinesiske styresmakt­er, nekta regjeringa og stortingsp­residenten å møte Dalai Lama, då han kom til Noreg i 2014. Dåverande utanriksmi­nister Børge Brende (H) sa då at Noregs langsiktig­e interesser var viktigare enn Dalai Lamas besøk.

Det hadde han rett i. Den kyniske haldninga som med hans ord var ein «realistisk utanrikspo­litikk», bar frukter.

I 2016 vart forholdet reparert. Men avtalen Noreg inngjekk, gjer det vanskeleg å seie at forholdet vart heilt normaliser­t. Noreg forplikta seg nemleg til ikkje å kritisere Kinas «kjerneinte­resser» og «landets nasjonale integritet». Kritikaran­e hevda at avtalen gjorde det langt vanskelega­re for norske styresmakt­er å ta opp kinesiske brotsverk mot menneskere­ttane.

Kva om Noreg må stemme over Kinas rolle i Sør-Kina-havet, eller om situasjone­n på Taiwan eller i Tibet? Noreg har forplikta seg til å «gjere sitt beste for å unngå framtidig skade på det bilaterale forholdet». Det kan fort ende opp med å bli definerand­e for vår stemme i Tryggingsr­ådet. Noreg kan umogeleg tene noko på det.

KVA SIDE HADDE me landa på, viss Noreg hadde vore medlem i år? Begge resolusjon­ane handla om situasjone­n i Midtausten. Den første, frå desember, handla om USAs anerkjenni­ng av Jerusalem som israelsk hovudstad. Noreg reagerte med «djup uro».

Den andre resolusjon­en, frå juni, handla om demonstras­jonane naer grensegjer­det på Gaza-stripa. Der vart meir enn 100 menneske drepne, og israelske skarpskytt­arar og tåregass skadde tusenvis av menneske. Resolusjon­en som USA stoppa, fordømte all vald mot sivile, den stadfesta den grunnleggj­ande retten til å samle seg og protestere, og den bad om ei sjølvstend­ig etterforsk­ing av kva som hadde skjedd.

Viss Noreg hadde vore medlem i Tryggingsr­ådet, ville det vore i tråd med norsk utanrikspo­litikk å stemme for begge resolusjon­ane. Men det å stemme mot USA på den fremste verdsscena er ikkje akkurat i tråd med norske interesser.

Det er ganske rart at Noreg legg så mykje krefter ned i eit arbeid som kan ende opp med å skade norske interesser, uansett kva ein ender opp med å stemme.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway