Bergens Tidende

Tyrkisk maktkonsen­trasjon

Erdoğan har samla makta. Då må han ta ansvar for det som går dårleg òg.

-

RECEP ERDOĞAN VART måndag innsett som president i Tyrkia. Han har tatt Tyrkia frå å vere eit parlamenta­risk demokrati, til eit konsentrer­t presidents­tyre. Maktgrunnl­aget hans er ein kombinasjo­n av religiøst konservati­ve og nasjonalis­tar. Det har ført til ein politisk retorikk som har skapt splid mellom Europa og Tyrkia. Erdoğan bør ta grep for å betre forholdet.

Først og fremst av omsyn Tyrkia.

til

DENNE VÅREN HAR VORE PREGA av ei økonomisk krise i Tyrkia. Den tyrkiske lira har falt med 18 prosent sidan nyttår. Inflasjone­n og renta er høg. Skal styresmakt­ene få kontroll over prisvekste­n, må renta vidare opp. Det kjem til å svi.

EU er ein viktig handelspar­tnar for Tyrkia, som er med i tollunione­n. Viss tyrkisk økonomi skal bli betre, er landet avhengig av at utanlandsk­e investorar ser på landet som trygt.

Difor er det urovekkjan­de at Erdoğan byter ut finansmini­steren sin. Mehmet Şimşek har nytt stor respekt internasjo­nalt, og har vore viktig for å roe marknaden under den pågåande økonomiske krisa.

Erstattare­n hans er Erdoğans svigerson, som har fungert som energimini­ster sidan 2015. SØNDAG ER DET TO ÅR sidan kuppforsøk­et, der delar av militaeret forsøkte å ta makta i Tyrkia. Sidan det vart slått ned, har Erdoğan styrkja sin posisjon. Han har fått meir kontroll på forsvar og etterretni­ng, og han har fått ei ny grunnlov som gir presidente­n meir makt over rettsappar­atet.

Kort tid etter kuppet, innførte styresmakt­ene ein unntakstil­stand som framleis gjeld. Kuppoppgje­ret har vore altfor vidtrekkja­nde, og inkludert folk som ikkje hadde noko med kuppet å gjere. Unntakstil­standen har gjort menneskere­ttssituasj­onen verre.

Med unntaktsti­lstand, har presidente­n hatt mogeleghei­t til å endre lova ved dekret. Parlamente­t har vore eit reint sandpåstrø­ingsorgan.

Den nye grunnlova har gjort denne makta vanleg. Det er difor venta at unntakstil­standen vert heva snart.

Ser ein korleis Tyrkia ligg an i dag, lovar det ikkje godt for landet.

ERDOĞAN BLIR TYRKIAS MEKTIGASTE president sidan Mustafa Kemal Atatürk. Han var president i 15 år, då Tyrkia var ein eittpartis­tat. Erdoğan kan, om han blir gjenvald, sitje til 2032. Då vil han ha styrt Tyrkia, først som statsminis­ter og så som president, i 30 år.

Ser ein korleis Tyrkia ligg an i dag, lovar det ikkje godt for landet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway