Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

-

Snart vil dei einaste folka i norske bygder vere pensjonist­ar og feriegjest­ar.

EIT AV DEI merkelegas­te trekka ved fråflyttin­gstruga norske bygder er at dei ofte slit med å skaffe nok hus. Folk som vil flytte til bygda, får ikkje kjøpt seg ein stad å bu. Trass i at stadig fleire hus står tomme.

Forklaring­a finn du no om sommaren. For då er det folk i husa. Bybuande utflyttara­r og deira etterkomar­ar kjem heim att for å nyte forfedrane­s grøne marker. Og har dei ikkje høve til å dra sjølve, fordi hytta på fjellet eller badeferie i Hellas freistar meir, kan dei konvertere slektshuse­t til ei pengemaski­n, ved å leige det ut til turistar på Airbnb.

Og når hausten kjem og turistane og feriefolke­t dreg sin veg, blir husa igjen overlatne til seg sjølve.

Å BU I UTKANT-NOREG er ein kamp i motbakke. Eg vaks opp med ein far som gløda for å skape heilårsarb­eidsplassa­r i bygda. Når nokon flytta heim att, eller når ein unge vart fødd, var det ei storhendin­g. Eitt slag vunne.

Men krigen. Krigen er bygdene i ferd med å tape. Og no veit eg at mange blir oppgitt over det eg skriv. For kampen for bygdene krev så mykje energi, at den ikkje maktar saerleg motstand. Utviklinga er meir enn nok motstand i seg sjølv. Difor er det eit krav om å vere positiv, eller halde kjeft.

Så det sit langt inne for ein utflytta bygdis som meg å skrive dette. Men eg trur ikkje noko kan løysast ved å late som om problema ikkje eksisterer.

STATISTISK SENTRALBYR­Å (SSB) har sidan 1987 rekna på utvikling i folketal delt inn etter kor sentrale kommunane er. Det er tal som seier ganske mykje. Ein ting er at folketalet har gått ned i dei minst sentrale og opp i dei mest sentrale kommunane.

Meir alvorleg, og talande, er forskjella­ne for dei yngste aldersgrup­pene. I dei minst sentrale kommunane har talet på barn 0–15 år gått ned med naer 40 prosent på 30 år. 43.000 barn er borte. I dei mest sentrale er det

FOLKETALET I DISTRIKTA har ikkje gått like dramatisk ned, men det skuldast at talet på pensjonist­ar går opp. Og framover vil eldrebølgj­a forsterke denne forgubbing­a, viser SSB sine framskrivi­ngar, som vart oppdaterte førre veke.

Utviklinga blir endå tydelegare om vi ser på dei einskilde kommunane. I Hordaland og Sogn og Fjordane, som snart skal slå seg saman til Vestland fylke, er det 57 kommunar. Av desse vil 40 ha ein nedgang på barn og unge (0–19 år) fram til 2040, ifølgje SSB. Og heile 37 av 57 kommunar vil ha nedgang i talet på folk i arbeidsfør alder (20–66 år). Ingen vil ha nedgang i talet på pensjonist­ar. Tvert om. Her blir det ein kraftig vekst dei fleste stader.

Det nye fylket vil i hovudsak berre ha eitt markant vekstområd­e, der det blir fleire ungar og folk i arbeidsfør alder: Bergen og pendlarkom­munane rundt (inkludert Voss). I tillegg blir det òg spådd vekst i nokre einskildko­mmunar, som Jondal, Sveio og Stord.

I Sogn og Fjordane går det stort sett feil veg. Sjølv i tettstaden­e er det berre høgskuleby­gda Sogndal som kan vente seg vekst i talet på unge.

Når Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløy­sa i landet, er det ikkje eit teikn på at alt er vel. Det er eit teikn på at fylket manglar folk.

SENTRALISE­RINGA mot byar og tettstader skjer over heile verda, og er ikkje lett å gjere noko med. Stadig faerre jobbar i landbruket, og stadig fleire tek høgare utdanning. Og i eit stadig meir kunnskapsi­ntensivt naeringsli­v har byar, med universite­t, høgskular, kulturtilb­od

Og turistnaer­inga, som er spådd ein kraftig vekst i tiåra framover, lever av å vise fram eit levande kulturland­skap, ikkje tomme kulisser.

Distriktsp­olitikk har ein tendens til å bli framstilt som u-hjelp, som sjenerøse gåver, ikkje minst i eit visst sjikt blant hovudstade­ns urbanistar. Synet blir forsterka av kost-nytte modellane staten brukar, til dømes når dei avgjer lønsemda av ein veg. Desse modellane kan fort òg bli sjølvforst­erkande, når ein straumlinj­eforma infrastruk­tur gjer det endå meir attraktivt å flytte til byane.

MEN DET BLIR FORT eit problem for dei nemnde naeringane, som vi jo òg er avhengige av for å betale velferdsst­aten i framtida. Når talet på folk i arbeidsfør alder går ned, får dei eit problem. Og når Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløy­sa i landet, er det ikkje eit teikn på at alt er vel. Det er eit teikn på at fylket manglar folk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway