Bergens Tidende

I dag skal skøyta hevast

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no; HANS IVAR MOSS KOLSETH GURO VALLAND

Problem med ei vasspumpe gjer at den forliste skøyta på Stamnes ikkje blir heva før i dag.

Berre masta stakk opp då ei fiskeskøyt­e gjekk ned ved kai på Stamnes onsdag. Diesel rann ut i Veafjorden, og like etter spreidde lukta seg.

– Det var heilt forferdele­g. Diesellukt­a låg over heile bygda og inne i butikken, sa Wenche Vedaa, som jobbar på den lokale Joker-butikken.

Arbeidet med å heva M/SK «Nesheim» tok til torsdag, men båten frå 1965 er framleis ikkje oppe.

Problem med pumpa

Bjarne Olav Eidnes, som eig skøyta, håpte at ho skulle bli heva sundag.

– Alt låg til rette for det, men så fungerte ikkje den splitter nye vasspumpa vi brukar til å lense båten med, seier Eidnes til BT sundag kveld.

Da pumpa var ferdig reparert, var tidvatnet for høgt. Dei ventar derfor med hevinga til måndag.

– No har vi óg fått låne ei ekstra reservepum­pe av kommunen, slik at vi er sikra mot at det same problemet skal oppstå igjen, seier Eidnes.

– Veldig stressande

Då reiar Eidsnes snakka med BT sundag morgon, håpte han at skøyta skulle flyta i løpet av døgeret.

– Men me kan ikkje garantera noko, sa han.

Det fekk han rett i. Verkstadom­rådet på Stamnes er blitt omtalt som ein «skipskyrkj­egard» for gamle båtar.

Bygdefolk og Vaksdal kommune har lenge irritert seg over støy og oljelekkas­jar frå området, og over korleis området ser ut.

– Det er jo ein skraphaug, sa Arild Steinsland, som bur eit steinkast unna, til BT torsdag.

Eidnes forsikrar at familien gjer alt dei kan for å heva båten.

– Alle står på og jobbar heile døgeret. Ei skøyte på 25–30 tonn er ikkje noko leiketøy. Mange står og ser på frå land, og det er veldig stressande. Dette har vore ei stor belastning for heile familien, seier Eidnes.

 ?? FOTO: JANNE MAJ NAGELSEN ?? ARBEID HELD PÅ: – Me arbeider med tidevatnet, seier reiar Bjarne Olav Eidnes. I dag skal M/SK «Nesheim» forhåpentl­eg flyta igjen.
FOTO: JANNE MAJ NAGELSEN ARBEID HELD PÅ: – Me arbeider med tidevatnet, seier reiar Bjarne Olav Eidnes. I dag skal M/SK «Nesheim» forhåpentl­eg flyta igjen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway