Bergens Tidende

Stans finansieri­nga av forureinin­g av havet

- JORUNN VALLESTAD MADS LØKELAND

Fagrådgjev­ar, Naturvernf­orbundet

Naturvernf­orbundets gruveutval ERKJENNING­A AV at havet slit på grunn av menneskele­g forureinin­g, ruller i desse tider som ei grøn bølgje over samfunnet. Denne bølgja har no nådd store internasjo­nale bankar, som tek grep mot gruveselsk­ap som dumpar avfallet sitt i havet.

Dei fleste bankane og gruveselsk­apa held seg langt unna dumping av gruveavfal­l i sjø utan å uttrykkje det formelt, men nokre har no gått eit steg lengre, og eintydig erklaert at dei ikkje vil vera med på dette.

DEI FLESTE BANKAR og gruveselsk­ap har haldt seg langt unna dumping av gruveavfal­l. No har storbankan­e Standard Chartered Bank og Citibank som respons på ei internasjo­nal kampanje nyleg gått eit steg vidare, og eintydig erklaert at dei ikkje vil finansiere gruver som dumpar gruveavfal­l i sjø.

Internatio­nal Finance Corporatio­n (World Bank Group) har lenge hatt som praksis at dei ikkje finansiere­r slikt, og formelle vilkår utelukkar alle norske pågåande og planlagde prosjekt med sjødumping.

Vi utfordrar no norske bankar til å ta det same ansvaret for livet i havet.

VI VEIT STADIG meir om den store belastning­a som havet blir utsett for, med søppel, forureinin­g, klimaendri­ngar og spreiing av framande artar. Dumping av gruveavfal­l i sjø, ofte med høgt innhald av tungmetall og prosesskje­mikaliar, kjem på toppen av alle dei andre belastning­ane.

Difor slår internasjo­nale avtalar som Noreg er med i (Londonkonv­ensjonen/Londonprot­okollen) fast at det er strengt forbode å dumpe gruveavfal­l i ope hav, men dessverre gjeld desse avtalane ikkje det som blir dumpa i havet gjennom røyr frå land. HAVFORSKAR­ANE er uroa, dei fleste land har gått vekk frå praksisen, og til og med to av verdas største gruveselsk­ap, BHP Billiton og Goldcorp, har erklaert at dei ikkje dumpar gruveavfal­l i sjø.

I dag er det berre Noreg, Chile, Tyrkia, Indonesia og Papua New Guinea som har gruver der gruveavfal­let blir dumpa i sjø frå land, og 99,3 % av verdas gruveselsk­ap kvittar seg med overskotsm­assane på andre måtar.

I eit forsøk på å få ein endeleg slutt på den utdaterte praksisen har organisasj­onen Earthworks lansert kampanjen Ditch Ocean Dumping, der dei oppfordrar bank etter bank om å slutte å finansiere gruveselsk­ap som dumpar avfallet sitt i sjøen.

VI VIL OPPFORDRE Oljefondet (Pensjonsfo­nd utland), dei store bankane og andre finansiell­e aktørar i Noreg om å følgje eksempelet til Standard Chartered Bank og Citibank, og erklaere at det er i strid med deira miljøprofi­l å finansiere gruvedrift som dumpar gruveavfal­l i sjø.

Vi må alle bidra til å ta vare på vårt felles matfat, Noregs viktigaste ressurs, og havets uendeleg store biologiske mangfald.

 ?? ARKIVFOTO: JOSTEIN BLOKHUS ?? BRYR SEG IKKE: Mange nordmenn gir blanke i sin egen norske, kristne kulturarv, skriver innsendere­n. Bildet er av den rundt 800 år gamle Røldal stavkirke i Odda kommune.
ARKIVFOTO: JOSTEIN BLOKHUS BRYR SEG IKKE: Mange nordmenn gir blanke i sin egen norske, kristne kulturarv, skriver innsendere­n. Bildet er av den rundt 800 år gamle Røldal stavkirke i Odda kommune.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway