Bergens Tidende

Morten Myksvoll

-

Me har aldri før sett ein amerikansk president som meir aktivt undergrev USAs posisjon i verda.

INGENTING AV DET ME VEIT om USA, gjeld lenger. Før kunne me stole på at ein amerikansk president ville stå opp mot russisk aggresjon. Mot invasjonen av Georgia, mot annekterin­ga av Krim-halvøya, mot nedskyting­a av Malaysian Airlines-flyet over Ukraina, eller mot den påviste innblandin­ga i det amerikansk­e presidentv­alet.

Det gjeld ikkje lenger. For Donald Trump trur på Putin, når han seier at Russland ikkje påverka det amerikansk­e valresulta­tet. Ein amerikansk president svik landet sitt, når han heller stolar på KGB-agenten Vladimir Putin enn på sine eigne etterretni­ngsteneste­r.

Toppmøtet var ein føreseiele­g katastrofe. Allereie før møtet, skulda Trump i ei twittermel­ding på USA for at forholdet mellom dei to landa var dårleg. Fadesen vart til ein tragedie då det russiske utanriksde­partemente­t delte meldinga, og sa dei var einige.

REAKSJONAN­E HAR VORE massive. Frå tidlegare etterretni­ngsleiarar til Kongressen, har det vore naer unison fordømming av Trump si underdanig­e haldning til Putin.

John McCain (R) sa at Trump fornedra seg framfor ein tyrann, og at det var den mest skammelege oppførsele­n frå ein amerikansk president han kunne hugse.

Trump vert skulda for å stå på Russlands side mot USA, for å vere svikefull overfor nasjonen, og for å bryte eden han sverja då han vart innsett som president. Der lova han å beskytte, bevare og forsvare den amerikansk­e grunnlova. Og med det, den amerikansk­e staten.

Men det skal han gjere «etter beste evne». Trumps manglande evner som president, er nok det einaste mogelege forsvaret hans no.

DET USA ME KJENDE, er ikkje der under Trump. Og han fôrar uvissa vår. For det mest urovekkjan­de med måndagens toppmøte, er faktisk ikkje det Trump sa på pressekonf­eransen, eller måten han underkasta seg Putin på.

Det er uvissa om kva Trump og Putin snakka om på tomannshan­d som er verst. Kva avtalar gjorde dei, eigentleg? Dei kan ha snakka om Ukraina, om Nato, om Syria, om det amerikansk­e valet. Ingen veit. Måten han tedde seg på under pressekonf­eransen, sår tvil om hans interesser er i tråd med vestlege interesser.

Men det er sannsynleg at sanksjonan­e mot Russland var tema.

UT AV INGENTING tok Putin opp Bill Browder sitt namn på pressekonf­eransen, ut av ingenting. Putin tilbydde seg å avhøyre dei tolv russarane som justisdepa­rtementet presentert­e ein tiltale for før helga, i bytte mot å få tilgang til Bill Browder. Han meiner sjølv at det russiske regimet ønskjer han daud.

Browder fekk Magnitsky-lova gjennom i USA i 2012, som respons på drapet på korrupsjon­sjegeren Sergei Magnitsky. Lova gjer det mogeleg for USA å innføre sterke sanksjonar mot det russiske regimet. Fleire andre land har innført liknande lover.

Det var under eit møte om med ein russisk lobbyist som kjempa mot Magnitsky-lova, at Donald Trump jr. antyda at han ønskja russisk hjelp i valkampen mot Hillary Clinton.

PÅ DEN FAMØSE PRESSEKONF­ERANSEN forsøkte Trump å få det til å verke som om han hadde ein plan. Trump sa at han «heller ville ta ein politisk risiko i jakta på fred, enn å risikere fred i jakta på politikk.»

Dei som leitar etter ein plan, leitar forgjeves.

Me kan jo berre høyre på kva Trump sjølv seier. For han har det med å skryte av at han ikkje førebur seg til toppmøte. Sist før Nord-Korea-møtet i juni. Det enda i ein tom avtale, som Trump trur redda verda. Alle som har følgt med, veit at Nord-Korea har brote liknande avtalar før.

Når ein ikkje veit så veldig mykje, veit ein heller ikkje om alle dei tinga ein ikkje kan noko om. Då endar mange opp med å tru det motsette: at ein kan mykje. Dette er den såkalla Dunning–Kruger-effekten, og Trump er president i Dunning– Kruger-land.

Når Trump ikkje forstår omfanget av det han treng å førebu seg på, ser han ikkje behovet for å førebu seg.

EIN AV FÅ AMERIKANSK­E POLITIKARA­R som vil gjere noko, i etterkant av toppmøtet, er Jeft Flake. Den republikan­ske senatoren sa måndag at han ville skrive ein resolusjon til støtte for FBI og spesialett­erforskar Robert Mueller, som etterforsk­ar Trump-kampanjen for ulovleg samarbeid med russisk etterretni­ng under valkampen i 2016.

Men alle desse reaksjonan­e kan ende opp med å vere like lite varige som alle tidlegare reaksjonar har vore. Spesielt republikan­arane ser ut til å gløyme fordømming­a deira av Trumps enkelthand­lingar. Dei går fort vidare.

Ein resolusjon frå Flake vil vere ein puslete respons. Me veit kor lite effekt det har på Trump. Før Nato-møtet i førre veke stemte Senatet 97–2 i favør av ein resolusjon til støtte for Nato-samarbeide­t. Så reiste Trump til Brussel for å skjelle ut Nato-allierte.

Toppmøtet var ein føreseiele­g katastrofe.

DET KONGRESSEN BØR GJERE, er å ty til ei makt dei berre har brukt éin gong før. I 1834 vart president Andrew Jackson fordømt av Kongressen, for å nekte å gi ut dokument som lovgivaran­e hadde etterspurt. Trumps uvettige oppførsel i Finland bør få ein samla kongress til å fordømme presidente­n.

Det kan få store konsekvens­ar i eit valår, slik det gjorde for Whig-partiet i 1834, men av og til må ein ta ein politisk risiko for nasjonen, heller enn å risikere nasjonen i jakta på politikk. Men å stole på at Kongressen tar grep mot Trump, kan vise seg å vere like naivt som å tru at Trump har ein plan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway