Bergens Tidende

Naustdraum­en

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto JANNICA LUOTO

Det står eit naust i sjøkanten i Salhus. Vêrbite, saltpiska, standhafti­g, men delvis til nedfalls. Eigaren har eit inderleg ønske om å setja naustet i stand. Det er ikkje lett å få til.

– Sidan eg overtok eigedomen i 2000 har eg ønskt å gjera noko med naustet. Det har vore i familiens eige i fleire generasjon­ar, og det har vore viktig. Både far og bestefar hadde utstyr for garn- og linefiske i naustet, og båtar, sjølvsagt. Dei fiska ikkje for moro, det var matauk dei dreiv, fortel eigaren Tor Steinar Olsen.

– Eit stort hinder

Det er med respekt for forfedrane­s innsats han i dag tek kampen for å få lov til å setja i stand att naustet i strandkant­en nett nedom huset på Smedneset i Salhus. Sentralt i planen om rehabilite­ring er det at han får byggja opp att kaien på utsida av naustet.

Problemet er berre at Olsen bur i ei bygd som er delvis verna, innanfor vernesona. Alle endringar må omsøkjast, og endå om det i tilfellet med naustet er snakk om å føra opp att noko som har vore der, er den kommunale kverna krevjande å forholda seg til. Olsen har fått støtte for saka si hjå sivilarkit­ekt Arild Saetre ved Museumssen­teret i Hordaland, som held til i Salhus. Han håper det kan vera til hjelp i møtet med kommunen.

– Byråkratie­t er eit stort hinder. Der har dei ikkje ei praktisk tilnaermin­g til korleis ting fungerer.

Det seier Sverre Sangolt frå Skogsvåg i Sund. Han er leiar i Naustforei­ninga Nytt i Naust, som blei skipa i 2014 nettopp med tanke på å skapa større forståing for betydninga av å ta vare på kystkultur­en, som nausta våre er ein sentral del av.

– I 2008 reiste eg rundt i båt i Sund og fotografer­te alle nausta. Det var meir enn 500 av dei. Forfallet i strandsona var fram-

 ??  ?? 5443 Bømlo5211 Os Piotr Kazimierz Wejnerowsk­i, 5211 Os NYTT LIV: Berit Olsen hugsar korleis naustet på Smedneset vart brukt av hen No står naustet frå 1950 til nedfalls. No vil sonen setja naustet i stand.
5443 Bømlo5211 Os Piotr Kazimierz Wejnerowsk­i, 5211 Os NYTT LIV: Berit Olsen hugsar korleis naustet på Smedneset vart brukt av hen No står naustet frå 1950 til nedfalls. No vil sonen setja naustet i stand.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway