Bergens Tidende

Borge klar for finale

- JOAR OFFERDAL VATLESTAD joar.offerdal.vatlestad@bt.no

– Før sesongen hadde eg ikkje sett på det som ei mogeleghei­t, seier spydkastar­en.

Førre helg drog Borge til med

62 meter på heimebane. Laurdag fekk ikkje spydkastar­en heilt dei same lengdene under Diamond League i London.

– Eg kjente meg betre i dag enn førre laurdag, men teknikken stemte ikkje, seier Borge til BT på telefon.

Borge blei nest sist i Diamond League i London laurdag ettermidda­g. Kinesiske Lyu Huihui vann konkurrans­en med 65.54 meter, føre Nikola Ogrodníkov­á og Kelsey-Lee Roberts på 65.36 og 64.11 meter.

56.06, 54.95, 57.12, 55.58 meter og to daude kast blei resultatet til spydkastar­en frå Osterøy.

– Vinkelen stemte ikkje, eg opna meg for mykje og hofta var ikkje høg nok, seier Borge.

– Kjempeseso­ng

Sjuandepla­ssen skaffa ho likevel nok poeng til å nå finalen i Diamond League, som går i slutten av august i Zürich og Brussel.

– Før sesongen hadde eg ikkje sett på det som ei mogeleghei­t, men etter kvart blei det målet, og det var godt nok til å koma med, seier Borge.

– Det er ikkje mange som når finalen, så det er stort. Det betyr at ho er topp-åtte i verda i Diamond League. Sigrid har hatt ein kjempeseso­ng og er resultatme­ssig meir stabil enn tidlegare. Me manglar berre det eine, gode kastet, seier trenaren hennar, Helga Reigstad.

– Ofte det beste

Med full klaff kan det kastet koma om to veker. Då ventar årets høgdepunkt, EM i Berlin.

– No blir det teknikktre­ning framover, for å sørgja for at den sit og er stabil, seier Reigstad.

Borge opna sesongen godt og tok EM-kravet allereie i mars då ho kasta 62.42 meter i portugisis­ke Leiria. Lengda er også spydkastar­en sitt beste kast denne sesongen. No blir det trening på Osterøy fram til avreise til EM.

– Å trena i vanlege omgivnadar er ofte det beste. Me veit kva me skal jobba med.

 ?? FOTO: MATTHEW CHILDS, REUTERS ?? POENG: Sigrid Borge (22) skaffa seg nok poeng i London til å nå Diamond League-finalen i slutten av august.
FOTO: MATTHEW CHILDS, REUTERS POENG: Sigrid Borge (22) skaffa seg nok poeng i London til å nå Diamond League-finalen i slutten av august.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway