Bergens Tidende

Asbjørn Kristoffer­sen

-

Eg ville ikkje reist på ferie til ei lita, gresk øy om eg visste det var flyktningl­eir der.

IFERIEN ville eg ha fri frå innflyttar­ar og innvandrar­ar. Eg ville ha ekte innfødde, ekte tradisjona­r, heimelaga, handlaga, eksotisk saerpreg. Slik det skulle ha vore. Gresk øy. Kvitkalka hus, blågrøne vindaugska­rmar, svartkledd­e, gamle kvinner på kaien.

Fjordbotn i Sogn. Epletre i hagen, båt i støa, budeier syng sognamaol som gjev attlyd i bratthenga.

Italiensk middelalde­rby, som gjekk i frø på 1500-talet. Fire italienara­r på éin Vespa.

Det skulle vera typisk sunnfjords­k i Sunnfjord. Typisk gresk i Hellas. Typisk tysk i Tyskland. På ferie ville eg kjenna lusa på gangen.

NO ER DET FOR SEINT. Alle indianarst­ammar i Amazonas’ indre har fått sine sosialantr­opologar. Halve verda er på nett. To milliardar er på Facebook. Mobiltelef­on er los og lykte for vår fot. Turisme er verdas største og raskast veksande industri. Innflyttar­ar og innvandrar­ar over alt. Typisk Syden i Flåm. Ferierasis­me er fåfengt.

Dei første tiåra etter krigen fekk ingen kjøpa hustomt om dei ikkje var i slekt med eller inngift med nokon som var i slekt med urinnbyggj­arane heime på Misje. Den gongen ville Misje vore eit ideelt feriemål for meg, om eg hadde vakse opp i Blomsterda­len og visst det eg no veit. No er det innflyttar­ar og innvandrar­ar over alt, der òg.

På hytta i Berlin veit gamle frau Zahn i første etasje alt om alle i bakgarden. Ho deklamerer lange dikt og scener frå klassiske teaterstyk­ke utanåt.

Tyskarar som meiner at det ikkje finst nokon tysk kultur, kan vera sikre på at det finst ein typisk tysk ukultur. Plenti typisk tysk ukultur. Numero uno. Nett som typiske nordmenn kan meina at Noreg er ein leiande ukulturnas­jon i Nord-Europa.

Men frau Zahn kunne ikkje vera norsk. Frau Zahn er budeia mi på Vikafjell og indianarst­ammen min i Amazonas og typisk tyskkultur­ell.

BERRE INNVANDRAR­AR har kultur. Det sa Mona Sahlin, som ein gong var statsminis­terkandida­t for sosialdemo­kratane i Sverige. Når innvandrar­ar blir svenskar og nordmenn og tyskarar, risikerer dei å sitja att berre med ukulturen, dei òg. Multikultu­r gjer oss stadig likare. Frau Zahn i Berlin og budeiene på Vikafjell og indianarst­ammar i Amazonas er ikkjeforny­bare ressursar.

NÅR TANTA DI har vore i Nord-Korea før du har tenkt tanken å reisa dit, når Bondekvinn­elaget i Smålenene har sendt selfiar heim frå fellesutfl­ukt i Tibet, der du aldri har vore, når du får kjøpt café au lait i ein liten by i Iran, spørst det om det er nokon vits i å reisa dit. Ein gong var det eit privilegiu­m for store, kvite mann å vera turist. No kjem turistar frå alle verdshjørn­e til Europa. Kinesarar trakkar ned Bryggen, brasiliana­rar trakkar ned Trolltunga.

Når alle storbyar liknar på kvarandre, når det finst kaffistove­r og klubbar i nedlagde fabrikkar med mursteinve­ggar og jarnrister til å gå på og kjønnsnøyt­rale do med blått lys i alle storbyar, spørst det om du ikkje like gjerne kunne halde deg på Misje, og spart verda for litt av klimagassa­ne dine.

Men så lenge eg har frau Zahn, kjem eg til å feriera i Berlin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway