Bergens Tidende

EU sløkkjer brann

Skogbranna­ne i Sverige bør føre til ei styrking av det europeiske brannsamar­beidet.

-

BRANNANE SOM HERJAR i Sverige, er for store for eitt land å handtere sjølv. Det internasjo­nale samarbeide­t for å stogge desse brannane, har brått blitt meir aktuelt for oss i Nord-Europa. Sverige har fått hjelp frå fleire land, blant andre Frankrike, Litauen og Polen. Desse landa har sendt både mannskap og spesialuts­tyr som vil gjere det mogeleg å sløkkje brannane. Den internasjo­nale innsatsen vert organisert av EU.

Denne hjelpa må Sverige betale for. Men det er mykje rimelegare å betale for drift av lånt utstyr, enn at kvart land må kjøpe inn spesialfly eller -helikopter.

DET ER LANDA I sør-Europa som er mest utsette for skogbrann. Desse landa har difor eit brannvern som er kraftig dimensjone­rt for å takle skogbrann. Når landa spesialise­rer seg og samarbeide­r, får me ein betre og meir kostnadsef­fektiv beredskap. Det er heilt naudsynt at EU koordinere­r innsatsen over landegrens­ene.

I SEPTEMBER ER det val til Riksdagen, og brannane siglar opp som ei valkampsak. Då vil det vere snakk om beredskap, om prioriteri­ngar, men òg om klimaendri­ngar.

Sverige har avfolka bygdene, og har med det tømt småkommuna­ne for ressursar, skriv Aftonblade­ts Ingvar Persson. Han skriv vidare at det er faerre som arbeider i skogane enn før, og at det kan ha forverra situasjone­n.

Klimaendri­ngane gjer at me får meir ekstremvêr. Det blir somrar som er tørrare og somrar som er våtare enn det me har vore vane med i Nord-Europa. Det gjer òg noko med skogbrannf­aren. Årets sommar er den varmaste på minst 260 år, ifølgje Sveriges metrologis­ke institutt. Det varme og tørre vêret er ikkje eit bevis på klimaendri­ngane i seg sjølv. Men vêret er eit døme på det ekstremvêr­et som me vil sjå meir av framover.

REGJERINGA VERT kritisert for å vere trege med å løfte krisebered­skapen opp på høgste nivå. Først torsdag overtok innanriksm­inister Morgan Johansson (S) koordineri­nga av innsatsen.

Samtidig får regjeringa kritikk for ikkje å ha nok tilgjengel­eg utstyr. Centerpart­iet meiner regjeringa heller bør byggje opp svensk beredskap, enn å stole på internasjo­nal hjelp.

Den som har gått lengst i kritikken, er Moderatern­as Beatrice Ask. Ho kritiserer den raudgrøne regjeringa for å subsidiere elsyklar framfor brannfly. Laerdomen ligg ikkje i slike lettvinte løysingar.

SVENSKE STYRESMAKT­ER må klare å argumenter­e for kvifor brannverne­t er på dagens nivå. Då kan dei vise til tidlegare forsøk med brannfly i beredskap. På 90-talet hadde Sverige tre brannfly, men dei var lite i bruk og kosta svaert mykje å kjøpe og drive.

I dag har ikkje Sverige brannfly. Men samtidig har dei tilgang på mange. Det internasjo­nale samarbeide­t gjer at italienske og franske brannfly sløkkjer brannar i Sverige. Det samarbeide­t bør styrkjast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway