Bergens Tidende

Gjer millionbut­ikk på cruiseturi­stane i Flåm

- ADALHEIDUR AUDARDOTTI­R OLDEIDE Adalheidur.oldeide@bt.no EIVIND FONDENES foto ELIAS DAHLEN

– Turismen i Flåm har vore positiv for utviklinga i heile Aurland, seier Kyrre Wangen (40).

Wangen rettar på nokre kleshengar­ar inne i den 700 kvadratmet­er store turistbuti­kken. Det er torsdag føremiddag, men hundrevis av turistar frå heile verda har allereie sveipa gjennom Mall of Norway.

– Butikken går rimeleg bra, for å seie det slik.

Rett utanfor står turistbuss­ane stilt opp på rekke og rad. Sjåførar ventar på at dei handlelyst­ne skal gjere seg ferdige.

Bedrifta har tent godt på turismen i fleire år. Kvart år sidan 2004 har dei hatt millionove­rskot. Og dei siste åra har overskota vakse.

«No cruise ships»

Det er lite som minner om ei lita bygd i Sogn når ein står på torget i Flåm ein sommardag i juli. På kvart hjørne, over alt i gatene, er det eit mylder av menneske frå heile verda.

Fleire tusen turistar skal rekke å få ein liten bit av bygda før dei skal tilbake om bord på cruiseskip­et dei kom med, eller vidare til ein av dei mange turistattr­aksjonane i naerleiken.

Berre i fjor kom over ein million turistar til Flåm med tog. 250.000 med cruiseskip.

Det merkast godt i ei bygd med 400 innbyggjar­ar. Lokalbefol­kninga kritiserer jamleg nye cruisereko­rdar, og fleire er skeptiske til at bygda har blitt ein turistmask­in.

Sommaren 2014 blei cruiseturi­star i Flåm møtt til synet av rundballar med det klare bodskapet: «No cruise ships».

Wangen skjønar til dels kritikken, men meiner at turistnaer­inga fører til verdiskapi­ng i bygda på fleire måtar.

– Vi har til dømes mange tilsette i sommarseso­ngen. Desse betalar skatt lokalt. Og dei handlar mat i dei lokale butikkane.

Wangen sine tilsette bur også i hus som bedrifta eig.

– Alt vedlikehal­d på hyttene og i butikken blir gjort av lokale handverkar­ar. Vi er nøye med å bruke lokal arbeidskra­ft.

– Fantastisk syn

Wangen både lever, jobbar og bur i turistmask­ineriet.

Bustaden hans ligg midt på torget. Frå altanen ser han

 ??  ?? NØGD: Familiesel­skapet har gjort det bra på å selje suvenirar til turistane som besøkjer Flåm. Kyrre Wangen meiner folketalet i Flåm hadde gått ned hadde det ikkje vore for turismen.
NØGD: Familiesel­skapet har gjort det bra på å selje suvenirar til turistane som besøkjer Flåm. Kyrre Wangen meiner folketalet i Flåm hadde gått ned hadde det ikkje vore for turismen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway