Bergens Tidende

Nå kjem den største nedbørsdag­en på ein månad

- HANS IVAR MOSS KOLSETH hans.ivar.moss.kolseth@bt.no

Det skal regne godt til helga, men det blir berre ein liten pause frå tørka.

– Frå tysdag til onsdag vil det kunne regne kring ti milimeter enkelte stadar i indre strøk av Sogn og Fjordane og Hordaland. I Ytre Sunnfjord- og Nordfjord vil det og kome nedbør, seier StormGeo-meterolog Frode Håvik Korneliuss­en.

Lokale forskjella­r

– Men meldingane som no kjem må takast med ei klype salt sidan slike byger medførar store lokale forskjella­r i nedbørsmen­gder, seier Korneliuss­en.

Torsdag og fredag er det meldt finare vêr med temperatur­ar godt over 20 grader på Vestlandet. Ut på dagen laurdag og søndag igjen er det igjen meldt om regn. Denne gongen ifølgje med torevêr, seier han.

Han trur det blir den våtaste regndagen i SørNorge på over ein månad.

Regnet denne veka er likevel lite meir enn eit glimt av håp for dei tørkeramma bøndene.

–Det ser framleis mørkt ut for dei som slit under tørka. Vi ser ingen store teikn til at vêret er i ferd med å snu, seier meteorolog­en.

Regnet som fell den veka vil i beste fall bidra til å minske skogbrannf­aren i SørNorge for ei lita stund, ifølgje meteorolog­en.

– Skogbrannf­aren vil raskt vere tilbake på same nivå, seier han.

Litt torevêr på tysdag

Grunna nedbøren den siste tida har brannsjefa­ne i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen oppheva det totale bålforbode­t.

Det generelle bålforbode­t er framleis gjeldande fram til 15. september. Det er no lov å grille på eigna stadar som i parkar og på stranda.

 ??  ?? KRAFTIG BRANN: Regnet som fell denne veka vil i beste fall bidra til å minske skogbrannf­aren. Biletet er frå brannen i Lindås kommune 7. juli
KRAFTIG BRANN: Regnet som fell denne veka vil i beste fall bidra til å minske skogbrannf­aren. Biletet er frå brannen i Lindås kommune 7. juli

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway