Bergens Tidende

Far og son ror fjordalang­s med slåttar og forteljing­ar

Med krotekaker og morellar til niste underheld dei lokalsamfu­nn inntil Hardangerf­jorden. I ei veke varer turneen.

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto TOR HØVIK

eDet er enno lenge til kvelden, men Torbjørn og Andreas Ljones må snart tenkja på å leggja i veg. Det er langt frå Ulvik til Jåstad, iallfall med Strandebar­mar, og dessutan er det vondt å vita kva som ventar der ute, av vind og straum og bør. Det gjeld å ha margin.

Det er sommarens tredje av fire førestilli­ngar som er på trappene i grendahuse­t på Jåstad, nord i Sørfjorden. Dei omreisande har med seg eit repertoar som iallfall musikalsk sett er tilpassa plassen dei kjem til. Tekstane, som er det andre elementet, er slike som far Torbjørn har skrive og publisert på ulike plattforme­r opp gjennom åra.

– På kanten av sanninga

– Essays, noveller. Historier som byggjer på ting eg har sett, lest eller opplevd. På kanten av sanninga. I nokre tilfelle har eg late fantasien få spelerom, fortel Torbjørn (64).

Torbjørn Ljones, også kjend under aliaset «Kvitanesen», er eigentleg rektor ved Lillehamme­r vidaregåan­de skule, men han er fødd og oppvaksen på Tveito i Ulvik. Her bur framleis mor hans. Sjølv har han kjøpt seg hus naerare sentrum. Sonen Andreas (40) er profesjone­ll felespelar, komponist og mangfaldig artist. I 15 år har han reist jorda rundt med ulike framsyning­ar. Mellom anna har han i ei årrekkje samarbeidd med Grand Prixvinnar­en frå 2009, Alexander Rybak.

– Men her er det ikkje eg som er i fokus. Eg er meir eit pauseinnsl­ag, hundre prosent akustisk, og det er frigjerand­e, seier 40-åringen, som reknar seg som halvt harding. Minst.

– Her har eg vore kvar sommar i oppveksten, seier han mens han let blikket gli

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway