Bergens Tidende

Ri gjort det ein gong til

-

var eit udugeleg folkeferd, og bedageleg sammenskru­dde. Det var heilt utruleg at nordmenn hadde klart å kryssa Atlanterha­vet for tusen år sidan, skal han ha sagt.

– Dette fekk jo nordmenn til å reagera, og det vart ein kraftig meiningsut­veksling i avisene. Rolf Scønheyder, frå Toten, forkynte at han for å motbevisa dette, skulle segla eitt av skipa over Atlanteren, fortel Odd Gåsø.

Etter mykje krangling vart det klart at Scønheyder skulle organisera og utrusta ekspedisjo­nen, medan filmselska­pet United Artists skulle betala alle kostnadene.

– Korleis kom du med?

– Det meldte seg ein stor skare mannfolk som hadde lyst. Dei hadde plukka ut seks mann, men fekk ikkje seglingslø­yve utan at det var ein radiokyndi­g kar med. Eg melde meg, og nokre få dagar før utreise mønstra eg på som radioteleg­rafist.

Odd Gåsø var godt van med sjøen etter oppvekst i Hyllestad i Sogn. Og han hadde alt segla som radioteleg­rafist i tre år i Nord-Amerika, i Gulfen og i Europa.

17. mai stemning

Den 4. juni 1958 la vikingskip­et «Ormen Lange» ut frå Vågen i Bergen.

– Båten hadde skifta namn til «The Vikings», same namn som filmen, men segla under norsk flagg. Eit utspekuler­t trekk frå filmselska­pet. Dersom båten forsvann og det vart ein redningsak­sjon, måtte den norske stat betala. Og kva PR for filmen hadde det ikkje blitt om «Queen Mary» eller ein av dei andre kjente altlanterh­avsdampera­ne måtte leggja om kursen for å speida etter eit forsvunne vikingskip?

«Det var reine 17. maistemnin­gen i Vågen», skreiv Gåsø i dagboka.

«Folkefest da vikingene la ut frå Vågen i går» skreiv BT. «Stort oppbud av fotografer og televisjon­sfolk fra hele verden foreviget begiventen», la avisa til. Det var ei verdshendi­ng som fann stad i Bergen.

Imponert over vikingane

– Korleis var seglturen?

– Den var tøff, det var jo ein open båt der vi låg under ein presenning. Den tok 22 dagar, og det var storm og uver mange dagar. Vi gjekk 14 timers vakter og hadde meir enn nok med å klara oss frå dag til dag. Alle vart sjøsjuke, men det gjekk over.

I dagboka si skreiv han 15. juni:

«Fikk en sjø som kastet båten hulter til bulter. Vi kan vaere glade at den holdt. Pumpen gikk tett, og frem på formiddage­n var båten halvfylt av vann. Vi måtte til med bøtter og spann, og øse for hand. Det gikk og etter hvert fikk vi tømt båten og staket pumpen. Voldsom rulling og stamping. Sender den bønnen som de gamle sjøfarene sendte når vaeret var verst- H.V.M.O.(Herren vaere med oss). Personlig vet jeg at det er mange som ber for meg.»

Svart av folk. Fleire tusen menneske var møtt fram då skipet reiste frå Bergen. Aviser, radio og fjernsyn frå heile verda rapportert­e om «The Vikings»-ekspedisjo­nen. – Korleis var båten?

– Det låg flott i sjøen, smaug seg mellom bølgjene og over bølgjetopp­ane. Sjølv om den var forsterka, var den langt frå så sterk som dei gamle vikingskip­a. Eg beundrar vikingane som var i stand til å byggja slike båtar, og som klarte å sigla til Island, Grønland og Amerika med dei.

Ville ha meir dramatikk

Dagleg var det rapport frå ferda i avisene. Folk kunne følgja med på kart kor langt dei var komne.

– Som telegrafis­t var det eg som sto i kontakt med media. Dei ville gjerne ha meir dramatikk. Den 10. juni fekk eg eit telegram på 500 ord, det lengste telegramme­t eg har fått i heile mi telegrafis­tkarriere. Frå land klaga dei over at det var for lite dramatikk om bord. Dei ville vi skulle rapportera om nestenkoll­isjonar med skip, kval og isfjell, men vi såg jo ikkje eit isfjell på turen. Difor melde vi berre tilbake fakta, slik dei var.

– Eg forstår jo at dei ville ha dramatikk, men sjølv var eg sjeleglad med å koma frå det med livet i behald. I våre dagar snakkar vi jo om falske nyhende, men dei prøvde seg den gong òg, bladfykane.

Mottatt som heltar

Då dei segla inn forbi Frihetssta­tuen var det stripete råseglet oppe. Atlanderha­vsdampskip­ene helsa dei med eit sirenekor og to brannbåtar med vassprøyte­ne på, geleida skipet til kai. I ein open bil vart dei køyrd opp Broadway til City Hall, medan folk hoia og klappa.

– Det var stor stas, og Noreg og norsk sjømannska­p var skrytt opp i skyene. Personleg hadde eg ønskt at skodspelar­inna Janet Leigh hadde tatt seg ein tur, og tilgodeset­t meg med ein dans eller to. Det hadde vore noko å kunne skryta av på gamleheime­n, for ein enkel radioteleg­rafist frå Sogn og Fjordane.

Fleire bileter på bt.no

 ??  ?? shending han var med på sommaren 1958. Sjeldan hadde ein opplevd slike hollywoodt­ilstandar på Vestlandet.
shending han var med på sommaren 1958. Sjeldan hadde ein opplevd slike hollywoodt­ilstandar på Vestlandet.
 ?? FOTO: BT ?? HEILE VERDSPRESS­A I BERGEN:
FOTO: BT HEILE VERDSPRESS­A I BERGEN:
 ??  ?? I NEW YORK: Mannskapet vart tatt imot som heltar i New York.
I NEW YORK: Mannskapet vart tatt imot som heltar i New York.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway