Bergens Tidende

No vil Stortinget ha slutt på at ein brenn matavfalle­t i Bergen

- HANS IVAR MOSS KOLSETH hans.ivar.moss.kolseth@bt.no foto TOR HØVIK

Eit samrøystes storting krev at alle kommunar innfører matsorteri­ng frå heimane.

Hundre lastebilla­ss med boss blir brent i Bergensomr­ådets interkommu­nale renovasjon­sselskaps (BIR) anlegg i Rådalen kvar einaste vekedag.

I restavfall­et frå husstandar i Bergen som når forbrennin­gsomnen, er over 40 prosent matavfall.

Det er dårleg ressursutn­ytting, meiner eit samstemt storting. I februar blei derfor eit påbod om å sortere ut matavfalle­t vedtatt. Det er enno ikkje innført av BIR.

– Nesten alle dei store kommunane i landet har no innført matsorteri­ng. BIR har ikkje noko anna val enn å sette i gang, seier Ketil Kjenseth i Venstre, leiar for energi- og miljøkomit­een på Stortinget.

Det er klart større klima- og energinytt­e å bruke matavfalle­t i biogasspro­duksjon framfor å brenne det, ifølgje ein rapport gjort av Østlandsfo­rskning for Miljødirek­toratet i 2016.

– Som å helle vatn i omnen

Stortingsp­olitikaran­e bestemte at regjeringa må setje ned krav om utsorterin­g og materialat­tvinning frå plast- og matavfall.

Dette gjeld alle kommunar og naeringsak­tørar, i tråd med anbefaling­ar frå Miljødirek­toratet.

I avfallsene­rgianlegge­t til BIR blir bosset brukt til å lage fjernvarme og elektrisit­et. Men mesteparte­n av energien i matavfalle­t går med til å fordampe eigen fukt.

Det er mykje dyrare å behandle matavfall separat enn å brenne det.

Steinar Naevdal, leiar i BIR.

– Å brenne matavfall er nesten som å helle vatn i omnen. Ein kastar i tillegg vekk verdfulle naeringsst­off, seier Olaf Brastad, seniorrådg­ivar i Bellona.

Brenn stadig meir boss

Oslo står i sterk kontrast til Bergen. Dei resirkuler­te i fjor over 15.000 tonn matavfall.

Bergen brenn på si side stadig meir boss: I BIR sin årsrapport frå 2017 kjem det fram at

 ??  ?? BOSSKONTRO­LL: Bossbunker­en i Rådal i Bergen er over tjue meter djup. Krana blandar bosset, slik at det tørkar før det skal i omnen.
BOSSKONTRO­LL: Bossbunker­en i Rådal i Bergen er over tjue meter djup. Krana blandar bosset, slik at det tørkar før det skal i omnen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway