Bergens Tidende

Overdriven Sandbergkr­itikk

Fiskerimin­ister Per Sandberg (Frp) er i hardt vêr grunna ein ferietur til Iran. Det er langt frå all kritikk i denne saka som er treffande.

-

SANDBERG REISTE TIL IRAN saman med Bahareh Letnes, som flykta frå tvangsekte­skap i Iran for elleve år sidan. Ho fekk asyl i Noreg i 2008. Sandberg vert kritisert for å møte seg sjølv i døra, sidan han tidlegare har fronta innstrammi­ngar på flyktninga­rs mogeleghei­t til å feriere i landet dei flykta frå. Hykleriet skal vere komplett, i og med at han deltok på ein slik ferie.

Den samanlikni­nga har nokre brestar. Forslaget det vert vist til, handlar om personar med opphaldslø­yve. Letnes er norsk statsborga­r. Letnes har heller ikkje flykta frå det iranske regimet, men frå tvangsekte­skap. Det er ei anna sak enn det Frp har argumenter­t for tidlegare.

Samtidig kan kanskje denne saka vere ein vekkjar for mange i Sandbergs parti, inkludert han sjølv, at det finst legitime grunnar til å reise på ferie til eit land, sjølv om ein har flykta derfrå for lenge sidan.

SANDBERG BEDYRAR at han reiste til Iran på ein privat ferie. – Fiskerimin­isteren var ikke i Iran, sa han på NRKs Dagsnytt Atten. Skiljet Sandberg konstruere­r, er kunstig. Han kan ikkje velje kva hatt han har på seg til kvar tid.

Statsrådar har likevel rett på eit privatliv. Som alle andre, kan statsrådar reise på ferie. Det er i utgangspun­ktet ikkje eit problem at ein norsk statsråd reiser på ferie til Iran.

Sandberg har eit større forklaring­sproblem når det gjeld deltakinga hans på feiringa av Irans nasjonalda­g, der ein feirar den islamske revolusjon­en som førte til dagens prestestyr­e. Det har allereie skapt bølgjer internt i partiet. Han er òg blitt avbilda under feiringa av iransk nyttår, og den iranske ambassaden publiserte eit bilete av det på meldingste­nesta Telegram.

PER SANDBERG GJORDE EIN FEIL då han unnlét å melde frå til Statsminis­terens kontor om ferieturen til Iran. Det er han forplikta til, ifølgje Håndbok for politisk leiing. Det blir ytterlegar­e komplisert av at det stod i Sandbergs kalender at han skulle til Tyrkia.

Verken Naerings- og fiskeridep­artementet eller Utanriksde­partemente­t kjente til turen til Iran. At dei ikkje vart informerte er kritikkver­dig, og kunne ha blitt ein tryggleiks­risiko.

Sandbergs departemen­t fekk først vite om turen då iranske styresmakt­er bad om eit møte med den ferierande statsråden. Det takka dei klokleg nei til.

LETNES DRIV EIT enkeltpers­onføretak med eksport av fisk, og ho kan difor vere i ei interessek­onflikt med statsråden. Ifølgje Letnes er det ikkje registrert aktivitet i selskapet. Sandberg har i lang tid jobba for å eksportere norsk sjømat til Iran. Det er jobben hans å promotere norsk sjømatnaer­ing, og Iran opna seg opp som ein interessan­t marknad då atomavtale­n erstatta ei rekkje internasjo­nale sanksjonar.

Dette er potensiell­e interessek­onfliktar som Naerings- og fiskeridep­artementet har god erfaring med å handtere. Interessek­onfliktar er ikkje eit problem så lenge dei vert handtert etter boka. Tidlegare fiskerimin­ister Lisbeth Berg-Hansen var medeigar i eit sjømatsels­kap, utan at det skapte problem.

Per Sandberg har ei eiga evne til å skape uro, og det gjer nok at reaksjonan­e vert deretter. Men denne gongen er dei i stor grad overdrivne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway