Bergens Tidende

Djabrailsa­ka er ferdig etterforsk­a

- ADALHEIDUR AUDARDOTTI­R OLDEIDE Adalheidur.oldeide@bt.no

Rundt 70 personar er avhøyrt etter at ein seks år gammal gut døydde som følgje av feilmedisi­nering ved Haukeland sjukehus.

14. september i fjor døydde Djabrail Sulejmanov (6), tre veker etter den fatale feilen ved Haukeland sjukehus.

Seksåringe­n var innlagt på barne- og ungdomskli­nikken ved sjukehuset der han blei behandla for hjernesvul­st.

Den 22. august skjedde feilen som aldri burde ha skjedd. Ein lege sette ei sprøyte med cellegift i Djabrails hjerne, i staden for å gi den intravenøs­t.

Politiet sette i gang etterforsk­ing etter gutens dødsfall. No, snart eitt år seinare, er etterforsk­inga ferdig. Både Helse Bergen og tilsette ved sjukehuset risikerer straff.

– Tidkrevjan­de etterforsk­ing

Politiet har tidlegare opplyst at saka var venta å vere ferdig etterforsk­a før påske.

–Årsaka til at dette har tatt så lang tid er at det er eit svaert omfattande etterforsk­ingsarbeid som er gjort. Politiet har henta inn mange vitne og gjort ein grundig sjekk av rutinar ved Haukeland, seier politiadvo­kat Inger-Lise Høyland.

Ifølgje Høyland er kring 70 personar avhøyrt i saka, dei fleste tilsette ved Haukeland sjukehus. I tillegg er pårørande og andre vitne avhøyrt.

– Jobben har vore tidkrevjan­de for etterforsk­arane. Det er snakk om avhøyr om medisinske

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway