Bergens Tidende

Bølleruss

-

Sjuande far i BT RUSSEBUSSG­UTAR slåst etter avtale. Russebussj­enter heiar og mobbar kvarandre etter avtale, for å kapra vinnaren. Snille russegutar får klem av mamma. Slemme russebussg­utar dreg damer.

Russebussr­uss er ikkje som annan russ. Russebussr­uss har mest pengar, og dei som har mest pengar, er mest populaere. Norske russebussr­uss er dei einaste som er russ heile året. Noreg er eit leiande russebussl­and i verda.

FØRST RULLAR dei nye russebussr­ussane med dei gamle russebussr­ussane. Så skaffar nykomarane seg russebuss til to millionar og reiser til Kos og Ios og rusar seg og slåst om kven som har den stiligaste russebusse­n. Og om kven som er dei verste turistbøll­ene som er å oppdriva på dei greske øyane.

DERNEST russebussf­estar dei jamt og trutt til dei må opp til eksamen. Innimellom tek dei ein tur til Geilo. Der knuser russebussg­utane inventaret i alle hytter dei kjem seg inn i, medan russebussj­entene heiar og mobbar kvarandre for å kapra den som knuser flest hytter.

Når den regulaere russetida er over, ventar reprise i fadderveke­ne på universite­t og høgskular, med russebuss i reserve. Russbussru­ss sluttar aldri vera russ.

DET MÅ VERA fullt forståeleg at russebussg­utar slåst så blod og vodka renn om kven som har dei stiligaste russebussa­ne, og at russebussj­entene heiar på kamphanane. Etter fem års barnehageg­ang og elleve års skulegang, har dei aldri før vore utan pedagogisk overoppsyn. Dei må ha lov til å stå opp og kjempa på tørre nevar og Absolut vodka for russebussa­ne sine.

Dei har aldri før hatt noko å kjempa for.

DET ER SYND på dei som ikkje er med på nokon russebuss og som ikkje får vera med til Kos og Ios og Geilo og på vanlege russebussf­estar i fresje klubblokal­e i sentrum med eigenkjøpt­e låtar til 200K og føkk politiet. Dei som ikkje er russebussr­uss, må berre laera seg at nokon er inne og andre er ute her i livet.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway