Bergens Tidende

Morten Myksvoll

USA straffar Tyrkia for å ha fengsla ein amerikansk pastor, men det heile handlar nok eigentleg om våpen.

-

I2016 vart Andrew Brunson fengsla i Tyrkia, der han leia ein liten kyrkjelyd. Skuldingan­e mot Brunson handlar om at han skal ha jobba for den islamistis­ke Gülen-rørsla, som er skulda for å stå bak kuppforsøk­et i 2016. Arrestasjo­nen er gjort på eit mildt sagt sviktande grunnlag, og Nate Schenkkan i Freedom House har karakteris­ert den som ein «farse, viss det ikkje hadde vore så alvorleg».

Kor alvorleg den er, kjem til uttrykk i den harde ordkrigen som har spelt seg ut mellom Nato-partnarane Tyrkia og USA. Og den er eit forspel til ein mykje meir alvorleg konflikt.

I LØPET AV TO ÅR har Brunson blitt ein del av eit storpoliti­sk spel. USA har kravd han utlevert, men Tyrkia har nekta. Dette har skjedd parallelt med at Tyrkia har kravd Fethullah Gülen utlevert frå USA. Det har USA nekta å gjere.

Saka har vore problemati­sk for dei to landa sidan 2016, men det var ikkje før i sommar at det rant over. Under Natotoppmø­tet i juli såg det ut til å vere god stemning mellom Donald Trump og Tyrkias president Recep Erdoğan. På sedvanleg vis, skrytte Trump av motparten sin. Erdoğan «gjer ting på rett måte», sa han om den stadig meir autoritaer­e tyrkiske presidente­n.

SMIGEREN HJELPTE ikkje. For då Erdoğan kom tilbake til Tyrkia, påstod han at han ikkje kunne overprøve domstolen. Kort tid etter, vart Brunson flytta frå fengselet til husarrest. Han er no heime med familien i Izmir. Tyrkiske styresmakt­er trudde nok at det skulle vere tilstrekke­leg.

Det var det ikkje. Amerikanar­ane forventa full frifinning. I tillegg er ikkje Brunson den einaste amerikanar­en som vart fengsla etter kuppforsøk­et.

USAs respons var å varsle sanksjonar mot to tyrkiske statsrådar. Tyrkiske styresmakt­er på si side, har ved fleire høve sagt at dei kan bytte. Viss Tyrkia får Gülen, skal USA få Brunson.

SANKSJONSV­ARSELET slo inn som eit sjokk for den tyrkiske valutaen, som har slite i heile år. Tyrkia har lova å svare på sanksjonan­e, som dei omtaler som «ei respektlau­s innblandin­g i rettssyste­met» deira.

Det er likevel vanskeleg å sjå på sanksjonan­e som impulsive. Amerikansk­e styresmakt­er har gong på gong nemnd sanksjonar som eit mogeleg steg viss konflikten ikkje vart løyst.

På noverande tidspunkt er sanksjonan­e reint symbolske, og det er uklart om justismini­steren eller innanriksm­inisteren faktisk kjem til å oppleve nokre ulemper på grunn av sanksjonan­e. Men symbol er viktige. Og det sklir fort ut viss Tyrkia faktisk svarer på sanksjonan­e.

DET HANDLAR NEMLEG ikkje berre om Andrew Brunson. Heile denne eskalering­a ser ut til å vere ein prøveballo­ng for det som er ei langt større konflikt mellom dei to Nato-partnarane.

Den store krangelen mellom USA og Tyrkia handlar om våpen. Tyrkia har signert ein avtale om å kjøpe det russiskpro­duserte S-400-systemet. Det er bakketil-luft-rakettar som er spesiallag­a for å kontre det amerikansk­e F-35-jagarflyet.

USA er forståeleg nok uroa over at russisk militaerte­knologi kan bli integrert i Nato. Heile alliansen er uroa over det. Tyrkia har ei lang historie med å forhandle med til dømes Russland og Kina for å få betre avtalar frå amerikansk våpenindus­tri.

Viss det har vore strategien denne gongen, har den feila.

DET TYRKISKE halmstrået er at Hellas, som òg er eit Nato-land, har det russiskpro­duserte S-300-systemet som ein del av sin militaere kapasitet. Men det er på ein måte Tyrkias forteneste. Dette luftvernsy­stemet skulle eigentleg til Kypros, men Tyrkia truga med å invadere øystaten då planane vart kjent. For å roe ned situasjone­n, vart våpensyste­met sendt til den greske øya Kreta i staden for Kypros.

Dei har likevel eit poeng om at russisk våpentekno­logi finst i Nato i dag.

USA og Tyrkia forhandlar framleis om både kjøp av amerikansk­e Patriot-missil og deltaking i det europeiske Eurosampro­sjektet. Viss dei forhandlin­gane ikkje fører fram, kan USA stoppe heile leveransen av F-35-jagarfly til Tyrkia.

Heile denne eskalering­a ser ut til å vere ein prøveballo­ng for det som er ei langt større konflikt mellom dei to Natopartna­rane.

DET VIL VERE EIT stort tap for Tyrkia, som har planlagt å kjøpe opp mot 120 slike jagarfly for å oppgradere det som i dag er Natos nest største flyvåpen.

Koplinga mellom Brunson-saka og dei russiske luftvernra­kettane ligg mest synleg i korleis dei begge har eskalert samtidig. Kongressen har blitt hardare og hardare i ordbruken mot Tyrkia om både jagarfly, luftvern og dei fengsla amerikanar­ane i Tyrkia.

I FØRRE VEKE vedtok Senatet eit lovforslag som stoppa overleveri­nga i inntil 90 dagar. Viss Kongressen ikkje er nøgd med utviklinga, er det venta at denne stansen vert fornya. Forsvarsmi­nister James Mattis har åtvara mot dette, men fleirtalet var så stort at Trump neppe har noko anna val enn å signere lova.

Verda har sett farlegare missilkris­er enn den mellom USA og Tyrkia, men dette er ei av dei mest delikate. Etter Brunson-oppspelet å dømme, kan den verkelege krisa bli vond for heile Nato.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway