Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Viss statsminis­ter Erna Solberg er ein så god leiar som Sandberg og andre meiner, så bør ho òg vise det offentleg.

-

ERNA SOLBERG BURDE bedt Per Sandberg om å gå av. Ein statsminis­ter kan ikkje berre drive leiarskap frå bakrommet. Så seint som laurdag skreiv Per Sandberg (Frp) at han skulle stå til «Dovre faller». Måndag morgon fall mannen, og Sandberg gjekk av som fiskerimin­ister.

Skandalen byrja med det som var ei rekkje uproblemat­iske avsløringa­r. Han reiste på tur med sin nye kjaeraste. Uproblemat­isk.

Den nye kjaerasten hans er norskirana­r. Uproblemat­isk. Dei reiste til Iran. Uproblemat­isk. Ho er ein tidlegare asylsøkjar. Uproblemat­isk.

NO TRENG REGJERINGA offentleg leiarskap. Det er godt mogeleg at statsminis­ter Erna Solberg (H) er tøff på bakrommet, og Sandberg var raus i ordbruken på gårsdagens pressekonf­eranse. Men etter at to av hennar statsrådar har gått av i skam, har ho enno til gode å setje ned foten offentleg.

Statsminis­teren vart tidlegare i år audmjuka av Sylvi Listhaug (Frp), som nekta å høyre på Solbergs råd om å slette den famøse Facebook-posten som førte til hennar avgang. Så unnlét Per Sandberg å varsle Statsminis­terens kontor (SMK) om Iran-reisa. Ifølgje dottera hans, var det fordi han frykta lekkasjar til hans fråseparer­te ektefelle, statssekre­taer Line Miriam Sandberg.

Hans mistillit til statsminis­teren er heilt utruleg.

SOLBERG BURDE HA BEDT Sandberg om å gå, men på pressekonf­eransen måndag sa ho at det var Sandberg som sjølv hadde bedt om det.

Dei som framleis trur på det borgarlege prosjektet kunne trengt ei stadfestin­g om at Solberg faktisk er sjefen til Frps statsrådar. Det fekk dei ikkje.

Det er ikkje nok at Solberg berre er einig i Sandbergs ønskje om å få gå av, eller at ho er ein god leiar på bakrommet. Ho må vise det til oss på utsida.

STATSMINIS­TERENS SAMLANDE leiarevner er blitt hylla i fleire år. No ser me dei same runde formulerin­gane føre til at ho kjem skeivt ut i nyheitsbil­etet, og at ho kjem konstant på etterskot.

Solberg-frasen «Jeg ville ikke brukt de ordene» er eit godt døme på det. Den var tidlegare ein styrke. Då kunne ho trekkje på skuldrene, avfeie andres overdrivne retorikk og heve seg over det. Ho styrte trass alt landet.

No har frasen blitt ein vits, og kan tolkast som handlingsl­amming.

SANDBERG-EKTEPARET har opptredd svaert uprofesjon­elt ved å dra regjeringa inn i sin eigen skilsmisse. Grunnlova forbyr to ektefellar å vere statsrådar i regjeringa, og denne saka bør føre til ein debatt om ikkje ein burde inkludere statssekre­taerar òg.

Line Miriam Sandberg varsla SMK 8. juni om at «fremmede makter» hadde flytta inn i leilegheit­a til Per Sandberg. Ho refererte då til Per Sandbergs nye kjaeraste, Bahareh Letnes.

Viss denne meldinga førte til at Sandberg ikkje varsla SMK om reisa si, er nasjonal tryggleik blitt sett i spel fordi ein ikkje klarer å halde den ekteskapel­ege skittentøy­vasken privat.

SANDBERGS SORTI er problemati­sk for Frp, og spesielt for Frp-leiar Siv Jensen. Ho hadde neppe klart å leie partiet relativt smertefrit­t dei siste tolv åra, viss det ikkje hadde vore for Sandbergs evner til å samle den meir populistis­ke fløya av partiet.

No er posisjonen hans så svekt at han går av som nestleiar i Frp. For Sandberg er langt frå like populaer på grasrota i Framstegsp­artiet no. Sjå berre på den øyredøyvan­de mangelen på støtte Sandberg har fått frå partifella­r.

Det skuldast nok mest dei mindre alvorlege delane av Sandberg-saka, som at han deltok i feiringa av Irans islamske revolusjon.

CARL I. HAGEN HAR ALLEREIE lansert Sylvi Listhaug som ny nestleiar. Ho sit i sentralsty­ret i dag, og er difor blant dei aktuelle som kan bli konstituer­t som ny nestleiar. Ingen av dagens sentralsty­remedlemme­r verkar å vere i stand til å erstatte Sandbergs samlande rolle.

Fordelen med Sandberg, er at han aldri har hatt ambisjonar om å bli partileiar. Det har Sylvi Listhaug. Blir ho nestleiar, vil vervet handle om å posisjoner­e henne til å overta etter Jensen, og ikkje å støtte den sitjande leiaren.

SANDBERGS AVGANG SVEKKJER statsminis­teren på to måtar. Først gjennom den mistillite­n som Sandberg har vist ein statsminis­ter som har hatt ein uttalt tillit til statsråden sin. Det svekkjer hennar stilling.

Deretter gjennom at Siv Jensen får ein langt vanskelega­re jobb som partileiar i Frp. Det gjer at Solbergs regjerings­prosjekt òg kjem svekt ut av saka.

SOLBERG KUNNE I DET MINSTE prøve å setje punktum for saka på pressekonf­eransen måndag, men var så ivrig etter å gå vidare at det står att mange spørsmål. Det verkar ikkje som om det er så farleg at det etterlatne inntrykket er at ho fint kunne leve med at Per Sandberg framleis var fiskerimin­ister.

Ein statsminis­ter må sjølvsagt ha full tillit til statsrådan­e sine, heilt til dei er ferdige. Men når offentlegh­eita ser ho i arbeid, bør ho gjere meir enn å trekkje på skuldrene. Viss Solberg er ein så god leiar som Sandberg og andre meiner, så bør ho òg vise det offentleg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway