Bergens Tidende

Varslar prisauke på norsk mjøl

-

Ein dårleg kornhaust i Noreg og mange andre europeiske land skaper stor etterspørs­el og prisauke på mjøl, varslar norske møller.

Kombinasjo­nen av varme og lite nedbør har ført til avlingssvi­kt for mange norske kornbønder i år. Innhaustin­ga er berre så vidt i gang, men mykje tyder på at norske kornavling­ar vi bli meir enn halverte, saerleg i Sør-Noreg. Det skriv bakeri.net.

– Vi begynner å få ein viss oversikt no, og det ser ut som vi får inn ein stad mellom 35 og 40 prosent av det vi hadde kontrakt på, seier dagleg leiar i Holli Mølle, Trygve Nesje, til nettstaden.

Han fortel at kvaliteten er god, men at problemet er hektoliter­vekta.

– Kornplanta­ne har tørka inn før den siste fasen då kornet skal fylle seg opp. Derfor er størrelsen og vekta på kornet blitt mindre enn normalen, seier Nesje.

Han har allereie varsla sine kundar om ein sannsynleg prisoppgan­g i 2019, men påpeikar at auken ikkje blir stor.

Det same gjeld Økologisk Spesialkor­n, som produserer mjøl laga av urkornsort­ar, hovudsakle­g dyrka i Noreg.

– Ein del emme og spelt ser faktisk ut til å ha klart seg litt betre enn mykje anna korn, men også hos oss blir det reduserte avlingar, og bakarane må nok forvente seg ein prisoppgan­g på vårt mjøl ganske kjapt, seier dagleg leiar Anders Naess.

NPK

 ?? FOTO: HALVARD ALVIK, SCANPIX ?? SVIKT: Svikt i kornavling­ane vil truleg føre til prisoppgan­g på mjøl.
FOTO: HALVARD ALVIK, SCANPIX SVIKT: Svikt i kornavling­ane vil truleg føre til prisoppgan­g på mjøl.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway