Bergens Tidende

Utanforska­pen

-

ALLE SOM MEINER NOKO, var i Arendal i førre veke, har eg forstått. Bortsett frå meg. Eg har fem faste meiningar, og to i reserve. Eg kan når som helst skaffa meg nye meiningar. Det burde vera meir enn nok. Likevel vart eg ikkje invitert.

GAMMAL. KVIT. MANN. Verre kan det knapt bli. Makt og rikdom er einaste redningsbø­yen for gamle, kvite menn. Vi andre er ute or arendalsso­ga. Diskrimine­ringsombod­et bryr seg ikkje om oss. Ikkje ein gong gamle, kvite damer bryr seg om oss, endå dei er like kvite som oss. Dei innbiller seg at dei kan kamuflera kvitskapen.

Arendalsuk­a er så viktig for alle som meiner noko, at Universite­tet i Bergen leigde «Statsraad Lehmkuhl» for å gjera inntrykk på alle dei andre som meiner noko. Sjølv kunne eg nøgd meg med ein oselvar.

DET VIKTIGASTE med Arendalsuk­a er ikkje å ha det stiligaste skipet og lasteromme­t fullstappa med påverknads­agentar. Det viktigaste med Arendalsuk­a er å bli lagt merke til av gamle, kvite menn og nokre får gamle, kvite damer. Kvite gamlingar rår over mest makt og mest rikdom.

Hadde eg vore der, skulle eg smilt og nikka og veiva med armane til alle eg såg, anten eg visste kven dei var, eller ikkje. Alle ville smilt og nikka og veiva med armane tilbake, for å vera på den sikre sida. Å vera på den sikre sida er litt av vitsen med å vera i Arendal når alle andre er i Arendal.

EG SKULLE FORSYNT MEG med alt eg rakk over av gratis, kortreist mat og gratis, langreist drikke. Å reisa til Arendal for å leva sunt og grønt og berekrafti­g, er feilpriori­tering.

Eg hadde planlagt alt. Eg skulle sete i ronga på oselvaren, med redningsve­st og sykkelhjel­m, og halde føredrag om «Kvifor oslofolk er så dumme» og «Kvifor strilar er så stilige». Det er to av dei faste meiningane mine.

NESTE ÅR REISER EG til Arendal, invitert eller ikkje-invitert, med heile bunken av faste meiningar og reservemei­ningar. Gamle, kvite menn belitar seg aldri.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway