Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

NHO vil ha både lågare bedriftssk­att og små økonomiske forskjella­r. Det går ikkje heilt i hop.

-

DEI SISTE ÅRA har heile det politiske spekteret samla seg rundt ein djup kjaerleik til det norske likskapssa­mfunnet. Den einaste eg høyrde vegre seg mot å kritisere økonomisk ulikskap under årets Arendalsve­ke (der eg rett nok berre var på ein brøkdel av dei 1100 arrangemen­ta), var Mathilde Fasting frå den liberale tenkjetank­en Civita, i ein debatt om høgrepopul­isme.

Det var difor eit teikn i tida at Naeringsli­vets Hovedorgan­isasjon (NHO) hadde auka ulikskap heilt i toppen av bekymrings­lista, då dei onsdag la fram sine prognosar for tiåra framover. Rett nok handlar det mykje om at ulikskap i andre land skaper trøbbel for vekst og frihandel

LIKEVEL ER den 380 sider lange rapporten rimeleg mørk. Det skuldast både auka global uro, fallande produktivi­tet og utfordring­ane aldringa av befolkning­a skaper framover i Noreg. I hovudscena­rioet ser NHO for seg låg økonomisk vekst fram til rapporten sluttar i 2060, akkurat som regjeringa gjorde i si perspektiv­melding som kom i fjor.

Dette synet på låg vekst er politisk potent. I seg sjølv er det eit argument for tiltak som får opp veksten, som skattelett­e, og som får ned offentlege utgifter. Det er difor partia på norsk venstresid­eside, spesielt SV, lener seg meir til alternativ­e, meir optimistis­ke framtidsvy­ar.

FOR DET FINST dei som trur at vi er på veg inn i ein ny industriel­l revolusjon, der produktivi­tetsvekste­n blir langt høgare og behovet for arbeidskra­ft bli mindre. Der robotar og datamaskin­er tek over, fornybarre­volusjonen vil gjere energi tilnaerma gratis (Rifkin) og vi kan ta ut den auka verdiskapi­nga i meir fritid og kanskje òg ei fast borgarløn frå staten. NHO har òg eit slikt scenario, men det er ikkje det organisasj­onen har mest tru på.

Dei to framtidsal­ternativa har ein ting felles: Dei vil båe krevje løysingar

STRENGT TATT gjorde dei det allereie før dei la fram rapporten: For to veker sidan skapte NHO overskrift­er i naeringsli­vspressa ved ei formulerin­g i organisasj­onens kvartalsra­pport, om at dei vil fjerne selskapssk­atten og erstatte den med meir skatt på eigedom, forbruk og naturressu­rsar.

Forslaget vart høvla ned av skatteøkon­omar, og det første NHOs sjeføkonom Øystein Dørum gjorde på presentasj­onen av meldinga var å seie at dei sjølvsagt ikkje var så galne at dei ville fjerne selskapssk­atten over natta, slik ein kunne få inntrykk av. Uansett: Ei slik endring ville høgst truleg gjere forskjella­ne større, mellom kapitaleig­arar og lønsmottak­arar.

Lønsforskj­ellane aukar òg, men dette skiljet mellom dei som eig og dei som lever av løn er meir grunnleggj­ande. Som mellom andre den franske økonomen Thomas Piketty har vist, har mesteparte­n av veksten sidan 1970-talet her gått til kapitaleig­arane.

I Noreg har det ikkje vore slik. Men så radikale endringar av skatteregi­met som NHO skisserer vil kunne endre det, spesielt fordi dei òg er kritisk til formuesska­tten. Dessutan: Ifølgje Piketty vil òg låg vekst i seg sjølv forsterke dette økonomiske klasseskil­jet, fordi avkastinga på kapitalen blir høgare enn lønsvekste­n.

NHO HAR LIKEVEL eit poeng med sitt skattefram­legg. Globaliser­inga og digitalise­ringa gjer det vanskelega­re å fastslå kvar noko blir produsert, og dermed kvar det skal skattleggj­ast. Facebook og Google er gode døme: Dei betalar knapt skatt for dei milliardan­e dei tener på annonsar i Noreg, noko norske medium og andre må gjere.

Legg du til at digitalise­ringa gjer at mange bedrifter i mange land ofte blir erstatta av nokre få globale gigantar, med hovudkonto­r i skattepara­dis, har du forklaring­a på kvifor teknologi-optimistan­es løysing òg er problemati­sk: Viss faerre skal jobbe og fleire få borgarløn via staten, kvar skal då staten få pengane frå når selskapa ikkje betalar skatt?

SJØLV OM NHOS tanke om å fjerne selskapssk­atten fekk kjølig mottaking på Stortinget, òg frå Høgre, jobbar utviklinga i verda i NHOs retning. Sidan 2013 har regjeringa redusert selskapssk­atten i Noreg frå 28 til 23 prosent, med støtte frå Arbeidarpa­rtiet. USA sette i fjor ned selskapssk­atten frå 35 til 21 prosent, og Storbritan­nia vurderer å redusere den frå 19 til 17 prosent.

Med ein liten, open økonomi har ikkje norske politikara­r saerleg anna val enn å følgje etter den internasjo­nale utviklinga.

Det er ikkje lett å sjå kvar dette endar. Det er heller ikkje lett å sjå kvar dette endar politisk. Klarer ikkje nasjonalst­atane å demme opp for skattefluk­ta vil forskjella­ne mellom folk kunne auke ytterlegar­e, anten statane vel å kutte i offentlege utgifter (velferd) eller å auke skatten for vanlege lønsmottak­arar. I så fall kan Brexit og Trump vise seg å vere byrjinga på noko verkeleg ille.

Perspektiv­meldinga til NHO er viktig fordi ho understrek­ar at små forskjella­r og tillit òg er viktig for økonomisk vekst. Dei rike landas tenkjetank OECD har rekna seg fram til at viss forskjella­ne, målt med den såkalla Gini-koeffisien­ten, aukar med eitt prosentpoe­ng, vil BNP bli redusert med 0,8 prosentpoe­ng etter fem år.

I motsetning til skatteutsp­elet er meldinga difor ein invitasjon til politisk semje, noko som òg er viktig for å sikre stabile rammevilkå­r for naeringsli­vet. På presentasj­onen i Arendal fekk meldinga då òg skryt frå partileiar­ane i både Høgre og Ap, som var invitert til å kommentere meldinga.

Eg tippar difor at NHO ikkje kjem til å snakke så mykje meir om å fjerne selskapssk­atten. Det er mykje hyggjelega­re med kjaerleiks­erklaering­ar til den norske modellen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway