Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Ap er favoritt til å behalde makta etter valet, trass i dårlege målingar og Schjelderu­ps avgang. Det kan Høgre takke seg sjølv for.

-

HARALD SCHJELDERU­P (AP) gir seg som byrådsleia­r etter valet neste år. Med eitt år igjen til valet, ser bergenspol­itikken difor litt meir spanande ut. Schjelderu­ps regjerings­tid har vore prega av ro, så det plutselege varselet om hans avgang skapte naturlegvi­s bølgjer i Bergen.

Då Schjelderu­p skipa sitt byråd i 2015, kunne han velje samarbeids­partnarar både til venstre for Ap og i sentrum. Han valde KrF og Venstre.

VED Å TA FRÅ HØGRE to viktige samarbeids­partnarar, gjorde Schjelderu­p det mykje vanskelega­re for Høgre å byggje opp eit truverdig alternativ.

Schjelderu­ps strategisk­e val la grunnlaget for at Ap kunne vinne attval. Det grunnlaget forsvinn ikkje av at Ap må finne ein ny toppkandid­at.

Det er to måtar å oppnå suksess i lokalvalet neste år. Det eine er å få stor oppslutnin­g for sitt eige parti. Det andre er å ha ein solid koalisjon som kan styre byen. Ein kombinasjo­n er å føretrekkj­e.

Ap manglar litt på oppslutnin­ga. Høgre manglar koalisjone­n.

DET SCHJELDERU­P FORSTOD i opptakten til valsigeren i 2015, var at vegen til bergensk makt går gjennom sentrum. Det har vore den politiske realiteten i heile den bergenske parlamenta­rismen.

Martin Smith-Sivertsen (H) beviste dette, som den einaste byrådsleia­ren som ikkje har hatt KrF eller Venstre inne i folden. Hans korte regjerings­tid i 2015 markerte slutten på eit langvarig Høgrestyre i Bergen.

KRF HAR VORE SCHJELDERU­PS største problem, men ikkje på grunn av politikk. Byrådspart­iet har blitt halvert i løpet av perioden, etter at varaordfør­ar Marita Moltu og bystyrerep­resentant Elisabeth Leirgul melde seg ut.

Byrådet mista fleirtalet, men koalisjone­n er framleis sterk. Schjelderu­p har nemleg heldt både Miljøparti­et dei Grøne og Senterpart­iet naere desse åra.

Alle som kjenner bergenspol­itikken veit at utmeldinga­r er ein naturleg del av ein valperiode. Schjelderu­p styrte på eit knapt fleirtal, og har sett ein slik situasjon kome. Opposisjon­en gjorde det ikkje.

HØGRE HAR NEMLEG ikkje sett etter nye samarbeids­partnarar. Gruppeleia­r Hilde Onarheims strategi ser ut til å gjere partiet størst mogeleg, og ikkje byggje koalisjone­n. Håpet til Høgre er då å bli så store at KrF og Venstre ikkje har noko grunnlag for Ap-samarbeide­t lenger.

Men eit slikt tvunge sidebyte er ikkje det beste grunnlaget for eit godt samarbeid.

Når ein snakkar med folk frå KrF og Venstre om Høgre, vert smila stramme og blikka flakkande. Og det handlar ikkje om at eit samarbeid mot høgre kjem med Frp på kjøpet.

Eitt år før valet er det ganske klart at både KrF og Venstre helst vil samarbeide med Ap. Det einaste atterhalde­t er spaninga knytt til kven Høgre nominerer.

HØGRE HAR VARSLA OMKAMP om utbygging av bybana, og ønskjer framleis ein anna trasé for bana til Åsane enn den som er vedteke langs Bryggen.

Det er ein politikk som berre er med på å sementere KrFs og Venstres støtte til Arbeidarpa­rtiet lokalt. Det var trass alt bybana som gjorde det lettare for KrF og spesielt Venstre å seie ja til Arbeidarpa­rtiet i 2015.

Viss Høgre hadde halde fram på den grøne bymiljøpol­itikken som SmithSiver­tsen snakka om, kunne dei til dømes hatt eit naerare forhold til MDG.

Då hadde partiet vore i ein strålande posisjon til å gjere livet vanskeleg for Schjelderu­ps byråd, som etter sommarens KrF-utmeldinga­r er avhengig av MDGs stemmer.

HØGRE KUNNE sett heile byrådspros­jektet til Schjelderu­p i spel, viss dei hadde bygd så sterke relasjonar til MDG at dei ikkje ville forhandla med byrådet.

Til hausten kjem bybudsjett­et, og Ap manglar to stemmer. Den eine hentar dei lett inn ved å gi nokre gjennomsla­g

FOR ER DET EITT PARTI som verkeleg misliker Ap-byrådet, så er det SV. Arbeidarpa­rtiets meir radikale kameratar vart både vonbroten og sint då Ap heller gjekk til Venstre enn til venstre.

– Vi fikk et bystyrefle­rtall som lå lenger mot venstresid­en enn det Harald og jeg kunne drømme om før sommeren, sa SV-leiar Audun Lysbakken til BT i oktober 2015. – Ap valgte å gå til et parti som brukte hele valgkampen til å argumenter­e for fortsatt blått styre.

SV har vore dette byrådets største utfordring. Prisen for å samarbeide med sentrum har vore ei sårbar venstresid­e. Den prisen ser heile Ap ut til å vere svaert komfortabl­e med, trass i at SV har stått fram som det mest offensive opposisjon­spartiet denne perioden.

ARBEIDARPA­RTIETS SENTRUMSPR­OSJEKT er godt forankra i partiet. I 2015 såg det ut til å vere Schjelderu­p sitt personlege prosjekt, men dei interne partiprote­stane vart kortvarige. Dei to fremste kandidatan­e til å overta som byrådsleia­rkandidat er ordførar Marte Mjøs Persen og den nye skulebyråd­en, Roger Valhammer.

Begge har vist ei tiltru til sentrumspr­osjektet.

Ap manglar litt på oppslutnin­ga. Høgre manglar koalisjone­n.

EITT ÅR FØR VALET veit me ikkje kven som skal leie dei to største partia. Og i lokalpolit­ikkens koalisjons­bygging er personlege eigenskapa­r og forhold viktigast. Det sitjande byrådet har akkurat no eit hav av forsprang på opposisjon­en.

Det er lettare for Ap å få eit oppsving på målingane, enn det er for Høgre å samle eit entusiasti­sk fleirtal av parti bak si fane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway