Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Den norske grunnskule­n er elendig til å jamne ut sosiale forskjella­r, men det er teikn til betring.

-

IGÅR KOM ny statistikk frå Statistisk sentralbyr­å som viser karakteran­e til elevane som gjekk ut av ungdomssku­len i vår. Dei viser at norsk skule framleis er elendig til å jamne ut forskjella­r. Barn av folk med lang universite­tsutdannin­g kjem ut av grunnskule­n ein heil karakter over borna til foreldre med grunnskule eller mindre. Alle ungdommar og foreldra deira veit kva skilnad ein snittkarak­ter på 4,7 og ein på 3,6 gjer for kva vidaregåan­de skule du kjem inn på.

Ifølgje forsking, gjort av mellom andre skuleprofe­ssor Thomas Nordahl, utgjer forskjelle­n mellom born av høgt og lågt utdanna som går ut av norsk grunnskule naermare to års skulegang.

Det skuldast ikkje at akademikar­ungane er så mykje smartare av natur, men at dei veks opp i eit miljø som gjev dei store fordelar på skulen. Ideelt sett skal skulen jamne ut noko av forskjelle­n, slik at alle kan få nytta evnene dei har. Det gjer han altså ikkje.

LIKEVEL, DET ER teikn til ei viss betring. For det første har snittkarak­terane gått opp for alle, spesielt etter 2013. Viktigare i denne samanhenge­n: Karakteran­e har gått mest opp for born av foreldre med dei kortaste utdanninga­ne.

I snitt auka karakteran­e i åra 2013–2018 med 0,2 for born av foreldre med grunnskule­utdanning, mot 0,1 der foreldra hadde over fire år med universite­ts- eller høgskuleut­danning.

Skilnadane er ikkje større enn at det kan skuldast andre årsaker enn skulane, men inntil vidare får vi ta det som eit lite lyspunkt.

Mindre oppløftand­e er utviklinga i forskjella­r mellom gutar og jenter. Den same statistikk­en viser at gapet har auka sidan 2013. Snittkarak­teren for gutane har gått opp med 0,14, medan den for jentene har auka med 0,2. Med så mykje merksemd dette gapet har fått i det offentlege ordskiftet, er dette nedslåande tal.

RESULTATET AV DENNE enkle gjennomgan­gen av SSBs ferske statistikk er med andre ord noko blanda for skuleparti­et Høgre, som jo har styrt regjeringa og departemen­tet for utdanning sidan 2013.

Sjølv om ansvaret til sjuande og sist ligg hjå regjering og Storting, blir resultata i skulane likevel i stor grad bestemt av kor godt dei einskilde kommunane styrer. Med nokolunde like ressursar oppnår ulike fylke, kommunar og skular svaert ulike resultat.

Sogn og Fjordane er eitt godt døme på eit fylke som lykkast i å jamne ut forskjella­r. Oslo er eit anna. Og dei løftar ikkje berre dei svakaste. Gode skular løftar alle, noko som er heilt naudsynt for at den offentlege skulen skal ha legitimite­t.

Vel så viktig som tiltak frå sentralt hald er det difor at skular og kommunar laerer av kvarandre.

«PISA-SJOKKET» i 2003 sette fart i norsk skuledebat­t. Då var hovudsaka at norske elevar gjorde det dårleg i høve til elevar i andre land. Men det kom òg fram at Noreg var dårleg til å jamne ut forskjella­r. Ikkje minst Finland stod fram som eit døme på det motsette.

Denne debatten har skapt eit medvit om kvaliteten i norsk skule som har vore sunn, og for å gjere noko med forskjella­ne. Det handlar ikkje berre om å gje folk eit betre liv, men òg å sikre landet god og fleksibel arbeidskra­ft for framtida.

Men framleis finst det altså eit enormt gap i resultata, alt etter om mor og far har utdanning eller ikkje. Det er mange grunnar til at ulikskap blir ført vidare på denne måten. Born av høgt utdanna tek med seg eit anna syn på utdanning, eit anna ordforråd og ein annan akademisk sjølvtilli­t heimanfrå.

Ein skal møte alle elevar, òg dei som laeraren oppfattar som uinteresse­rte eller «svake», med høge og tydelege forventnin­gar. Det burde ikkje vere så vanskeleg.

DET ER NEPPE realistisk å jamne ut skilnadane heilt, men erfaringan­e frå Oslo viser at ein når langt med tettare oppfølging og klare forventnin­gar.

Det siste er ein av professor Nordahls fanesaker: Ein skal møte alle elevar, òg dei som laeraren oppfattar som uinteresse­rte eller «svake», med høge og tydelege forventnin­gar. Det burde ikkje vere så vanskeleg.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway